Full kontroll på nettverket – med Nebula Cloud

Enkelt og oversiktleg nettverk for bedrifter med Nebula Cloud

Fleire bedrifter har i dag behov for eit stabilt og trygt nettverk – både for datamaskiner, trådlaus tilkopling og anna utstyr. For mange kan det vere vanskeleg å vite kvar ein skal starte, spesielt når det kjem til tryggleik og teknisk oppsett. 

Voss Fiber tilbyr no ei skreddarsydd løysing som kan gjere dette mykje enklare: Nebula Cloud frå Zyxel. 

Kva er Nebula Cloud?

Nebula Cloud er eit system som samlar alt du treng for å drifte og ha kontroll over nettverket i bedrifta di. Det består av:

  • WiFi-tilgangspunkt – trådlaus internettilgang
  • Switchar – for å kople saman datamaskiner og anna utstyr
  • Brannmur – for å sikre nettverket mot truslar

 

Alt dette vert styrt og overvåka via ei skyteneste – ei nettside der du kan få oversikt, gjere endringar eller sjå status for nettverket, utan å vere fysisk til stades. Løysinga er skarlerbar, noko som betyr at det kan tilpassast alt frå små kontor til søtrre verksemder, og enkelt utvidast etter kvart som behovet veks.  

«Trur du bedrifta di er for lita for ein brannmur? Hackarar er ikkje like kresne – og eit innbrot kostar alltid meir enn førebygging.»

Korleis fungerer det og kven passar det for?

Voss Fiber leverer og installerer denne løysinga. Me set opp alt av utstyr, sørgjer for at det fungerer som det skal, og gir deg hjelp dersom det oppstår spørsmål i ettertid. 

God og stabil WiFi 

WiFi-dekninga blir tilpassa lokala dine, og utstyret er av høg kvalitet. Det betyr betre oppkopling for både tilsette og kundar, utan dødsonar eller ustabilt signal. 

Auka tryggleik – utan å måtte tenkje på det

Brannmuren og annan tryggleiksfunksjonalitet blir automatisk oppdatert. Det reduserer risiko for datainnbrudd eller virus. Du slepp å halde oversikt over tekniske sikkerheitstiltak – det skjer av seg sjølv.

Mindre teknisk trøbbel

Fordi alt blir overvaka via skyen, kan potensielle feil bli oppdaga før dei blir eit problem. Du får varsel om noko går gale, og me i Voss Fiber kan hjelpe med feilsøking utan at du treng gjere noko sjølv.

Full kontroll – frå kontoret eller heimanfrå

Du (eller IT-ansvarleg) kan sjå nettverksstatus i sanntid, slå av/på gjestenettverk, endre passord og meir – frå PC eller mobil. Det gir fleksibilitet og oversikt, utan behov for å vere fysisk til stades.

Spar tid og ressursar

Du treng ikkje bruke interne ressursar på å forstå teknologien. Me sørger for drift, vedlikehald og support – så du kan fokusere på det du eigentleg driv med.

Vil du vite meir?

Dersom du ynskjer å finne ut om dette kan passe for di verksemd, tek me gjerne ein prat. Me forklarer kva moglegheiter som finst, og lagar eit tilbod basert på dine behov.

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.