Me søkjer kundesentermedarbeidarar - kveld, helg og feriar

Til vårt kundesenter på Voss søkjer me motiverte og læringsvillige kundehandsamarar som ynskjer å gje kunden ei god oppleving gjennom service og meirsalg. Stillingane er fleksible og passar derfor godt til studentar og skuleelevar. Som kundehandsamar - deltid må det også kunne påreknast jobb i feriar og høgtider. Etter opplæring kan det vera mogleg å jobba heimefrå i periodar.

  • Arbeidsgjevar: Voss Fiber AS
  • Stillingstittel: Kundehandsamar
  • Frist: Snarast
  • Varighet: Engasjement

Dine arbeidsoppgåver

• Svara på innkommande kundehenvendingar på telefon, epost og chat via vårt kundesystem

• Hjelpa privatkundar med alle henvendingar i tilknytning deira internett eller TV-abonnement.

• Aktivt meirsalg av Voss Fiber sine abonnement og tenester.

Du får:

Konkurransedyktig timelønn

Grundig opplæring og tett oppfølging

Moglegheit for personlig og fagleg utvikling

Du er:

Imøtekommande og likar å hjelpa andre, og har god teknisk forståelse

Motivert (og ynskjer å lykkast med sal og service)

Fleksibel, og trivast med å jobba sjølvstendig

Resultat- og målbevisst

Nøyaktig og opptatt av å levera kvalitet i dine svar og løysningar

Kvalifikasjonar:

Du har gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg

Du trivst med å snakka med menneske og samtidig bruka PC som arbeidsverktøy

Kan enkelt identifisera  og forstå kunden sine behov, og kommunisera ei løysing

Erfaring frå kundeservice og/eller salg er ein fordel

Arbeidstid:

Aktuelle arbeidstider er 1530 - 2100 kvardagar, 10-16 laurdagar og 12-15 søndagar. Du vil inngå i ei vaktordning, og det kan påreknast 1-2 vaktar pr veke. Det må også kunne påreknast jobb i feriar og høgtider.

Høyres dette spennande ut?

Då ser me fram til å høyra frå deg! Søknad med CV sender du tll johannes.rongve@vossfiber.no. Me evaluerer kandidatar fortløpende til stillingane. Søknadsfrist snarast.

Sjå stillingsannonsa på Finn