Slik får du betre WiFi-dekning heime

Opplever du problem med svakt WiFi-signal i heile eller delar av huset? Grunnen kan vere feil plassering av den trådlause rutaren. Her er nokre tips for å betre WiFi-dekninga:

Plassering av WiFi-rutaren:

  • Sentralt: Plasser WiFi-rutaren så sentralt som mogleg i bustaden.
  • Fritt: Unngå å dekke til WiFi-rutaren.
  • Høgt: Plasser WiFi-rutaren litt opp frå golvet for å unngå hindringar som møblar.

Ofte er internettuttaket plassert på ein stad som gjer det vanskeleg å setje WiFi-rutaren sentralt i bustaden. Då kan du vurdere å kjøpe nokre ekstra meter med nettverkskabel slik at du kan plassere WiFi-rutaren meir sentralt. Alternativt kan du supplere rutaren med ein WiFi-forsterkar.

  • Unngå hindringar: WiFi-signal svekkast over avstand, spesielt når dei må passere gjennom veggar eller golv. Hindringar som betong- eller murveggar, golv med varmekablar, eldstader og pipeløp kan svekke signala. Treveggar eller gipsveggar gir vanlegvis mindre signaltap. Elektroniske apparat som kaffitraktarar eller babycall kan òg forstyrre nettet. Prøv å slå av slikt utstyr om du opplever dekningsproblem.
  • Utvid med forsterkar: For større hus kan det vere nyttig å bruke ein eller fleire WiFi-forsterkarar. Desse koblar seg trådlaust til WiFi-rutaren og utvidar dekningsområdet. Plasser forsterkaren i utkanten av rutens dekningsområde, men pass på at den ikkje er for langt unna for å oppretthalde god fart.

Ved bruk av ein WiFi-ruter frå Voss Fiber kan du òg vurdere å skaffe ein WiFi-forsterkar for å sikre tilfredsstillande dekning i heile heimen.

Unngå eldre utstyr: WiFi-teknologien blir stadig betre, men eldre PCar, mobilar eller andre trådlause einingar kan forringe surfeopplevinga. Årsaka er at gammalt utstyr forstyrrer WiFi-signal og reduserer kapasiteten i nettet. Har du moglegheit, bør du difor prøve å koble gammalt utstyr til med ein nettverkskabel.

Test ulike plasseringar: Sjekk hastigheita på einingane dine på ulike stader i huset for å sikre optimal plassering. Flytt rutaren eller forsterkaren til ulike rom for å finne den beste plasseringa og betre surfeopplevinga heime.

Relaterte innlegg

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.