Om oss

Voss Fiber er ein lokal leverandør av TV- og internett, sentralt lokalisert på Tvildemoen, i hjartet av Voss Herad. Me er stolte av å vera Voss herad sin lokale fiberleverandør. Me byggjer og driftar eit moderne fibernett på Voss, leverer internett og er Telia-partner på TV.

Ein lokal tilbydar av TV- og internett

Eit dotterselskap av Voss Energi

Voss Fiber er eit dotterselskap av Voss Energi AS, og med 11 faste og 5 deltidstilsette bidreg me til eit positivt, aktivt og engasjerande arbeidsmiljø. Vårt mål er å sikre det beste produktet og den beste kundeservicen lokalt på Voss. Saman med Voss Energi er me opptatt av å støtta lokalsamfunnet gjennom samarbeid med lokale lag og organisasjonar, og sponsoravtalar med kultur- og idrettsarrangement.

Leverandør av lynraskt nett

Med fokus på kvalitet og kunden i sentrum, har me bygd opp eit moderne fibernett som sikrar lynraskt internett og TV til vossingar. Me strekk oss alltid etter å levera dei beste løysingane og den beste kundeservicen. Som Telia-partner tilbyr me eit breitt utval av TV-pakkar og strøymetenester, skreddarsydd for kvar enkelt kunde.

Lokalisert på Tvildemoen

Voss Fiber held til i andre etasje over Fargerike Voss – Tvilde, med kontoradresse i Regimentsvegen 5, 5705 Voss. Kom gjerne innom for ein prat om dine TV- og internettbehov, eller ta kontakt med oss på telefon eller e-post.

Me er her for deg

Som din lokale leverandør er me opptatt av å vera tilgjengelege og til stades for kundane våre. Me jobbar aktivt for å gje deg ei positiv oppleving og hjelpa deg med alt frå installasjon til feilsøking.

Velkomne til Voss Fiber – din lokale leverandør av lynraskt internett og TV på Voss!

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.