Sjekkliste: Er bedriftsnettet ditt klart for 2026?

Eit stabilt og sikkert nettverk er grunnmuren i moderne verksemd

Uansett storleik treng dagens bedrifter eit solid og trygt digitalt fundament. Mange undervurderer risikoen som følgjer med gamalt utstyr, manglande oppdateringar og svak internkontroll. Her får du ei praktisk sjekkliste som hjelper deg å vurdere om nettverket ditt er klart for framtida – og kva du kan gjera viss det ikkje er det.

Har de oversikt over alt utstyret som er tilkopla nettverket?

Mange bedrifter brukar eigne aksesspunkt, svitsjar, skrivareiningar eller PC-ar som ikkje vert haldne ved like. Dersom ingen har ansvar for desse komponentane, kan viktige tryggleikstiltak bli gløymde – og då opnar ein døra for innbrot og driftsproblem.

 

Sjekk dette:

  • Kven har ansvar for oppdatering av utstyret de eig sjølve (t.d. aksesspunkt og switchar)?
  • Er firmware og tryggleiksprotokollar oppdaterte?
  • Har de kontroll på kven som har tilgang til dei ulike einingane?
  • Er standardpassord endra på alt eige utstyr?
  • Har de eige gjestenett for besøkande og leverandørar?

Har de brannmur og vern mot skadeleg trafikk?

Ein moderne brannmur er ikkje eit valfritt tillegg – det er ein grunnstein. Han vernar både nettverket og alt som er tilkopla, frå arbeidsstasjonar til aksesspunkt. DNS-filter, trafikkovervaking og blokkering av skadeleg innhald gjev eit ekstra lag med tryggleik mot phishing og skadevare.

Kort sagt: Utan vern på nettverksnivå er det berre eit spørsmål om tid før nokon prøver seg.

Har de rutinar for backup og redundans?

Tryggleik handlar òg om å vera førebudd når noko går gale. Backup og redundans reduserer nedetid og hindrar datatap ved til dømes straumbrot, kabelskade eller maskinvarefeil.

Voss Fiber kan levera løysingar med 5G-failover – slik at verksemda di held seg på nett sjølv om hovudlinja fell ut.

Kor lenge kunne di verksemd klart seg utan internett – og korleis ville det ha påverka drifta?

Telelosji Colocation og Datasenter på Voss

Har de proaktiv overvaking av nettverket?

Mange problem vert ikkje oppdaga før dei alt har skapt trøbbel. Md proaktiv overvaking kan feil, innbrot og flaskehalsar fangast opp før dei får konsekvensar.

Ei managert nettverksløysing frå Voss Fiber sikrar at nettverket ditt er overvaka, oppdatert og trygt – slik at du kan fokusera på drifta i staden for teknikken. 

Ta kontroll over nettverket - før nokon andre gjer det

Eit sikkert bedriftsnett krev ikkje ein IT-avdeling – berre rett løysing og gode rutinar. Ved å gjennomgå desse punkta kan du redusera risikoen for nedetid, tap og tryggleiksbru.

Vil du sleppa å tenkja på teknikken?

Kontakt oss i dag så finn me løysinga som passar best for di verksemd. 

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.

Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:

Voss

Uvisst!

Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.