Om oss

Voss Fiber er eit dotterselskap av Voss Energi AS, med 11 faste og 5 deltidstilsette bidreg me til eit positivt, aktivt og engasjerande arbeidsmiljø. 

Vårt mål er å sikra det beste produktet og den beste kundeservicen lokalt på Voss. 

Din lokale tilbydar av TV- og internett

Med fokus på kvalitet og kunden i sentrum, har me bygd opp eit moderne fibernett som sikrar lynraskt internett og TV til vossingar. Me strekk oss alltid etter å levera dei beste løysningane og den beste kundeservicen. Som Telia-partnar tilbyr me eit breitt utval av TV-pakkar og strøymetenester, skreddarsydd for kvar enkelt kunde.

Lokalisert på Tvildemoen

Som din lokale leverandør er me opptatt av å vera tilgjengelege og til stades for kundane våre. Me jobbar aktivt for å gje deg ei positiv oppleving og hjelpa deg med alt frå installasjon til feilsøking. Voss Fiber held til i andre etasje over Fargerike Voss – Tvilde, med kontoradresse i Regimentsvegen 5, 5705 Voss. 

Kom gjerne innom for ein prat om dine TV-og internettbehov, eller ta kontakt med oss på telefon eller e-post. 

Me er her for deg! Velkomne til Voss Fiber - din lokale leverandør av lynraskt internett og TV på Voss!

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.