Bli med på Vossa Jazz!

Vossa Jazz er ein av dei mest tradisjonsrike musikkfestivalane i Noreg og har sidan starten i 1973 samla publikum og musikarar til ei heilt spesiell festivalhelg på Voss. Festivalen har som mål å stimulera interessa for jazz og nærliggande musikkformer, og legg stor vekt på nyskaping og utvikling i norsk musikkliv.

Gjennom konsertar, bestillingsverk og eit breitt program skapar Vossa Jazz møteplassar for både etablerte artistar, nye talent og eit engasjert publikum. Festivalen blir kvart år gjennomført med hjelp frå eit lite administrasjonsteam, eit styre og fleire hundre frivillige som saman sørgjer for ei levande kulturhelg på Voss.

Som lokal leverandør er Voss Fiber stolt sponsor av Vossa Jazz. Me ynskjer å bidra til eit levande lokalsamfunn og støtta arrangement som samlar folk, skapar opplevingar og set Voss på kartet. Me har plukka ut to favorittar som me anbefala å få med seg i frå årets program!

Henriette Eilertsen Trio i kyrkjo fredag

Henriette Eilertsen har dei siste åra markert seg som ei innovativ stemme på den norske jazzscena.
 
Med ei leiken tilnærming til jazzfløyta rører ho seg smidig mellom kontemporær jazz, improvisasjon og kammermusikalske uttrykk. I 2024 fekk ho den prestisjetunge musikarprisen på Kongsberg Jazzfestival for å vere eit friskt tilskot til den norske jazzscena.
 
I Henriette Eilertsen Trio har ho med seg cellisten Joel Ring og trommeslagar Øystein Aarnes Vik. Musikken er ekspressiv og suggererande, inspirert av jazz, folkemusikk og eksperimentelle klangar. Med djupt forankra samspel skapar dei musikk som rører, overraskar og inspirerer.
 
Henriette Eilertsen – tverrfløyte
Joel Ring – cello
Øystein Aarnes Vik – trommer
Foto: Andreas Rotevatn
Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass fredag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).

Få med deg når Bjørn Tomren avrundar årets festival!

Foto: Marthe Amanda Vannebo
Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg som den mest særmerkte artisten i NRK-serien Stjernekamp. Med sitt unike uttrykk og eineståande formidlingsevne vart Tomren på kort tid folkeeige, og vart omtalt som den kulaste artisten i programmet nokon sinne.
 
Suksessen vart følgd opp med ein utseld turne som enda med tre fullstappa konsertar i Oslo Konserthus. Artisten, låtskrivaren og komikaren er også kjend frå indie-jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine som mellom anna har varma opp for a-ha, og blitt stjerner i ein dokumentarfilm om seg sjølv.
 
I 2019 ga Bjørn ut sitt første album «Bad Science Fiction» – ei plate Tomren sjølv kalla dystopisk sci-fi country – til overveldande kritikk frå ei samla presse. Som ein av landets mest allsidige musikarar har Tomren ei enorm spennvidde: frå americana, religiøse folketonar, jazz og viser, til jodling strupesong, dialekt-punk og psykedelisk protest-musikk.

"Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul"

Bjørn Tomren – vokal
Edvard Mjanger – bass
Hans-Olav Molde – trommer
Einar Sogstad – tangentar

Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass fredag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).

Me sjåast der!

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.

Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:

Voss

Uvisst!

Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.