Fotball-VM 2026 er i gang, og for fyrste gong deltek 48 nasjonar i eit historisk meisterskap som blir arrangert i USA, Canada og Mexico. Turneringa starta 11. juni og varer fram til finalen 19. juli. Noreg er med for fyrste gong sidan 1998!
Som Telia kunde kan du følga med på kampane på fleire måtar, enten du brukar TV-boksen din eller vil sjå kampane på mobil, nettbrett eller PC.
Kvar kan eg sjå VM i Noreg?
VM-rettane i Noreg er fordelt mellom NRK og TV 2. Dei fleste kampane går på TV 2 Direkte og NRK 1 som alltid er inkludert i Telia Play.
Nokon kampar vert sendt på TV 2 Play, og desse får du enkelt tilgang til ved å velje inn TV 2 Play Start i Valgmenyen med bruk av TV-poenga dine. Heilt utan ekstra kostnad! Du kan og ta opptak av kampen slik at du kan sjå den når du vil, og så ofte du ynskjer.
Usikker på korleis du nyttar TV-poenga dine i Valgmenyen? Kontakt oss så hjelper me deg.
Treng eg ekstra abonnement for å sjå VM?
Nei. Dei fleste kampane i VM 2026 vert viste på NRK 1 og TV 2 Direkte som alltid er inkluderte i Telia Play.
Nokre vert vist på TV 2 Sport 1, TV 2 Play eller NRK. Desse får du enkelt tilgang til via Telia Play, Valgmenyen ved bruk av TV-poeng eller direkte i NRK TV-appen.
Kampane til Noreg
Under har me satt saman ein oversikt over kvar og til kva tid du kan sjå Norge sine kampar. Me kryssar fingrane for at Noreg går vidare!
Noreg sine VM-kampar
Tidspunkt
Kamp
Kanal/teneste
17. juni kl. 00.00
Irak – Noreg
TV 2 Direkte, TV 2 Play
23. juni kl. 02.00
Noreg – Senegal
NRK 1, NRK TV
26. juni kl. 21.00
Noreg – Frankrike
NRK 1, NRK TV
Nyheit! Følg ditt favorittlag i Telia Play
Følg ekstra godt med på ditt favorittlag i VM direkte i Telia Play.
Slik gjer du det:
Logg inn i Telia Play
Klikk inn på ei kommande kampsending.
Der finn du dei forskjellige laga og kan klikke på ditt favorittlag.
Trykk “Følg laget” på det laget du vil følge ekstra med på.
Du vil også få opp ei eiga rad “Mine lag” på VM-oversikta, og kan derifrå sjå kommande sendingar for laga du følgjer.
Vel så mange lag du vil!
Bestillingskjema
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.
Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:
Voss
Uvisst!
Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.