Treigt nett

  1. Start ruteren på nytt: Slå av ruteren, vent i 10 sekund og slå han på att.
  2. Om du er langt unna ruteren kan signalet være svakt. Flytt deg nærmare ruteren for å få sterkare signal. Ta kontakt med Kundesenteret for problem med rekkevidde, kanskje dykk har behov for forsterkar?
  3. Koble frå unødige einingar: Om det er mange einingar tilkobla det same nettverket, kan dette påvirke hastigheten på nettverket ditt. Koble frå einingar som ikkje er i bruk.
  4. Prøv med kabel: Om du kun benyttar trådlaust nettverk er det verdt å kable einingar som har moglegheita for ei kabla tilkopling. Du vil då unngå at einingar som brukar mykje av båndbredda «et opp» kapasiteten. Døme på einingar: PlayStation, Xbox, stasjonær-PC og TV-dekodar
  5. Skilj ut smart-hus einingar til eit eige gjestenett. Desse kan tidvis forstyrra «vanlige» einingar.
  6. Eldre einingar kan utvikla problem når nettverksstandarden auker, pass på at alle einingar får regelmessige omstartar og oppdateringar. Datamaskiner krever og manuell oppdatering av nettverksdrivarar.
  7. Kontakt oss. Kanskje det er behov for å sjå på sjølve oppsettet, dette kan me hjelpe med!
  8. Har du eige mesh-nettverk eller ruter, les i bruksanvisning som fylgjer med.

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.