Annonsetypar
Det skal produserast ein av to hovudtypar annonsar, avhengig av formål:
Korte «no brainer» awareness-annonser
- Skal ikkje ha CTA, knapp, tekst eller andre interaktive element.
- Skal vere ein enkel oppmerksameitsbyggjar.
- Formålet er rein synlegheit.
Teaser-annonser
- Skal bygge interesse og leie vidare til ein lengre video som ligg på landingssida.
- Skal lokke brukaren til å klikke gjennom annonsen og over på landingssida for å sjå heile hovudvideoen.
- Stories/Reels skal aldri gi bort for mykje av innhaldet.
- Skal vere korte, nysgjerrigheitsskapande og alltid ha som mål å drive trafikk vidare.
Formatkrav
Kvar videoreklame skal leverast i følgjande format:
Kvadratisk (1:1)
Facebook / Instagram-feed
Mobilvennleg (9:16)
Stories / Reels
Horisontal (16:9)
YouTube / display-annonser
Kvar kortvideo skal leverast i desse formata for publisering.
Versjonar av video
For kvar video jobbar vi i utgangspunktet med to versjonar:
Versjon utan tekst – digitale annonsar
- Videoen skal ikkje ha innebygd tekst.
- Annonseflater som Meta Stories/Reels og YouTube legg ofte grafiske element over videoen: CTA-knappar, profilnamn, «Swipe up», «Skip ad», overlays m.m.
- Desse elementa kan dekke til viktig tekst dersom ho er innebygd i videoen.
Teksten må plasserast innanfor safe-zone som vist i referansebileta for:
- YouTube (16:9 preroll, in-stream, trueview)
- Meta Stories/Reels (9:16)
Ved tvil om grafiske overlegg vil dekke tekst, skal video leverast utan tekst.
Versjon med tekst – organiske innlegg
- Videoen skal ha innebygd tekst.
- Brukast til organiske innlegg i sosiale medium.
- Organiske innlegg får normalt ikkje overlegg som dekker innhaldet, derfor kan tekst liggje fritt i biletet.
Klikk på ordet eller symbolet under for å lasta ned dei faste safe-zone-malane:
Leveranse – tal på videoar
Dersom det blir produsert 3 versjonar av korte teaserar, og kvar versjon blir laga i 3 format, forventar vi:
Digitale annonsar
9
Videoar utan tekst til digitale annonseplattformer.
Organiske innlegg
9
Videoar med tekst til organiske innlegg i sosiale medium.
Totalt
18
Standardleveranse utan gjenbruk via safe-zone.
Dersom teksten i videoen er plassert 100 % innanfor safe-zone (for både YouTube-annonsar og Meta Stories/Reels), kan same videofil brukast både som digital annonse og som organisk innlegg. I slike tilfelle trengst det ikkje to separate versjonar, så lenge Stories/Reels-annonsa ikkje er lengre enn 15 sekund.
Merk: Safe-zone-definisjon for YouTube og Meta Stories/Reels følgjer eigne referansebilete / layoutskisser.