Alt du måtte lure på om faktura

Denne artikkelen gir deg ei fullstendig oversikt over faktura, frå korleis du les ho, til kva du kan gjere dersom noko ikkje stemmer. Vi forklarar betalingsmetodar, viktige datoar, og korleis du kan få hjelp med spørsmål eller feil. Målet vårt er å gjere fakturaprosessen enklare for nettopp deg!

Fakturaforklaring

Fakturaen din inneheld viktig informasjon som fakturanummer, forfallsdato og beløp du skal betale. I tillegg finn du detaljar om tenestene eller produkta du abonnerer på.


Les meir

Fakturakopi

Treng du ei kopi av fakturaen din? På «Mi side» kan du enkelt finne og laste ned tidlegare fakturaer. Dette gjer det enkelt å halde oversikt over betalingane dine. 


Les meir

eFaktura

eFaktura gjer det enkelt å motta og betale rekningar direkte i nettbanken din. Når du vel eFaktura, vil fakturaen automatisk dukke opp i banken din, og du slepp å taste inn betalingsinformasjon.  Du treng kun å godkjenne fakturaen med eit tasteklikk!


Les meir

AvtaleGiro

Med Avtalegiro blir rekningane dine automatisk trekt frå kontoen din på forfallsdato. Dette sparar deg for tid og sikrar at rekningane blir betalte i tide.


Les meir

EHF

EHF står for Elektronisk Handelsformat, og det er ei digital form for faktura som blir sendt direkte mellom bedrifter og offentlege etatar. Kort sagt, det gjer fakturahandteringa mykje enklare og meir effektiv sidan alt går automatisk mellom systema, utan behov for papir eller manuell behandling.


Les meir

Fakturaadresse

Dersom du har flytta eller verksemda di har endra adresse, er det viktig å oppdatere fakturaadressa slik at fakturaene blir sende rett. 


Les meir

Inkasso

Kva skjer om fakturaen går til inkasso? Dersom fakturaen ikkje blir betalt innan forfallsdato, vil saka bli sendt til inkasso via vår fakturaleverandør, Amili. Dette kan føre til ekstra gebyr og renter. 


Les meir

FAQ

På «Mi side» kan du enkelt finne og laste ned tidlegare fakturaer. Dette gjer det enkelt å halde oversikt over betalingane dine.  Logg inn på «Mi side» med brukarnamn og passord. Under seksjonen «Faktura» finn du ein oversikt over alle tidlegare utsende fakturaer. Du kan laste ned fakturaene som PDF-filer til dine eigne arkiv. Dette er nyttig om du ønskjer ei kopi for din eigen oversikt eller til bokføring.

Me tilbyr fleire måtar å motta faktura på, slik at du kan velje den som passar deg best.

  • eFaktura: Faktura blir sendt elektronisk til nettbanken din, der du kan godkjenne betalinga
  • AvtaleGiro: Faktura blir automatisk betalt frå kontoen din på forfallsdato, utan at du treng å gjere noko
  • EHF (bedrift): for bedriftskundar kan vi sende faktura i EHF-format direkte til økonomisystemet ditt
  • E-post: Me sender fakturaen som ein PDF-fil til e-postadressa di
  • Post: Fakturaen blir sendt til postadressa di som eit papirbrev
  • Feil e-postadresse eller postadresse: Fakturaen kan ha blitt sendt til ei feil registrert e-postadresse eller postadresse. Sjekk at kontaktinformasjonen din er oppdatert i systemet vårt.

  • E-post i søppelpost: Dersom du mottek faktura via e-post, kan den ha blitt markert som søppelpost eller spam. Sjekk søppelpostmappa di for å sjå om fakturaen ligg der.

  • Fakturaen er forsinka: Av og til kan det oppstå forsinkingar i utsendinga av fakturaer. Dette kan vere grunna tekniske problem eller høgt volum på utsendingstidspunktet.

  • Fakturering ikkje fullført: Fakturaen din kan ikkje vere generert enno, spesielt om du er i starten av ein faktureringsperiode. Vent nokre dagar og sjekk igjen.

  • EHF eller eFaktura-problem: For dei som bruker EHF eller eFaktura, kan det oppstå tekniske feil i leveransen til økonomisystemet ditt eller nettbanken.

  • Avtale om elektronisk faktura ikkje aktivert: Dersom du nyleg har oppretta avtale om eFaktura eller AvtaleGiro, kan det hende at denne ikkje har blitt aktivert før den siste fakturaen blei sendt ut. Sjekk med banken din for å bekrefte at avtalen er aktiv.

I enkelte tilfelle kan vi tilby å utsette betalingsfristen, men dette blir vurdert for kvar enkelt faktura. Vi kan dessverre ikkje sette ein fast ny forfallsdato utover den som allereie er oppgitt på fakturaen. Ta kontakt med kundeservice for å sjå om det er mogleg å få utsetjing på din faktura.

Dersom du oppdagar ein feil på fakturaen din, som feil beløp eller ein teneste du ikkje kjener til, kan du kontakte kundeservice for å undersøke kva dette er. Sørg for å ha fakturanummeret klart når du tar kontakt, slik at vi kan sjå nærare på saka.

Om linja di er stengt lyt du betale alle uteståande inkassosaker og faktura som har forfalle, også dei som ikkje er gått til inkasso. 

Merk også at det kan ta nokre dagar før betalinga blir registrert. Dersom det har gått meir enn 2-3 virkedagar utan at kontoen din er opna igjen, ta kontakt med kundesenteret for å undersøkje saka vidare. 

Dersom du har AvtaleGiro, men fakturaen ikkje har blitt betalt, kan det skuldast at fakturabeløpet overstig maksbeløpet du har satt for AvtaleGiro. Når ein faktura er høgare enn det fastsette maksbeløpet, vil ikkje betalingen gå gjennom automatisk. I slike tilfelle må du betale fakturaen manuelt. Sjekk maksbeløpet ditt i nettbanken, og vurder om du vil justere det for framtidige betalingar.

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.