Siste nytt om faktura

Som informert før sommaren skifta me faktureringsselskap, til Amili by Visma. 

Frå og med september har Voss Fiber gjort fleire endringar i faktureringssyklusen og rutinar for inkasso. Dette er viktige justeringar som påverkar måten vi sender ut fakturaer og følgjer opp ubetalte beløp. Her får du ein oversikt over kva som er endra, og kva det betyr for deg som kunde.

Fakturasyklus

Tidlegare har enkelte fått kvartalsvise fakturaer, men no vil alle kundar motta faktura kvar månad. Her kan du lese meir om kva endringa inneber og kvifor månadleg fakturering kan vere ein fordel for deg.


Les meir

SMS-påminning

Amili hjelper oss med å automatisere rutinane våre. Samarbeidet gjer at vi kan tilby ei meir presis oppfølging av inkasso, der påminningar og varslar blir sendt ut på faste tidspunkt.


Les meir

Fakturaløpet

For å gjere faktureringsprosessen enklare og meir oversiktleg for våre kundar, har vi innført nokre faste rutinar for utsending av fakturaer og oppfølging av betaling. Her finn du ei kort oversikt over dei nye rutinane, frå når fakturaen blir sendt ut til kva som skjer dersom betaling uteblir. Desse rutinane skal sikre at du som kunde alltid har god oversikt over betalingsfristar og påminningar, slik at du kan unngå inkasso og stenging av abonnementet ditt.


Les meir

Me forstår at slike endringar kan føre til spørsmål, og me ynskjer å hjelpe deg. Ta gjerne kontakt med vårt kundesenter på telefon 51208115 eller knappen under dersom du har spørsmål om faktura eller inkasso.

Me set umåteleg pris på samarbeidet med kundane våre, og håper desse endringane vil bidra til ein enklare og meir føreseieleg faktureringsprosess for alle.

Takk for at du er kunde hjå Voss Fiber!

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.

Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:

Voss

Uvisst!

Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.