AvtaleGiro er ei automatisert teneste for betaling av faste rekningar. Ein AvtaleGiro er ein avtale mellom deg og banken din, der banken automatisk betalar fakturaen når ho forfell.
Dette er ein trygg og enkel måte å halde styr på betalingane sine på, og ein slepp å hugse på forfallsdatoar eller å skrive inn lange konto- og KID-nummer.
Voss Fiber tilbyr AvtaleGiro, så neste gong du betaler ei faktura frå oss i nettbanken, kan du opprette AvtaleGiro.
Når du legg inn ei ny betaling vil du vanlegvis få spørsmål om du ønskjer å opprette AvtaleGiro for framtidige betalingar. Du treng berre å svare “Ja”, svare på nokre kjappe spørsmål om maxbeløp og konto, og så blir avtalen oppretta for deg. Neste faktura vil no dukke opp i nettbanken din, og legge seg automatisk i forfallsmappa di.
OBS! Kvar bank har si eiga løysing og utforming, så stega og menyane kan sjå litt ulike ut – men prinsippet er det same. Ta kontakt med banken din dersom du treng hjelp med å finne fram.
Du kan gjerne bruke både AvtaleGiro og eFaktura saman for å få ein sømlaus og miljøvennleg betalingsløysing. Då får du rekninga tilsendt digitalt i nettbanken (eFaktura), og beløpet blir betalt automatisk frå kontoen din (AvtaleGiro) – utan at du treng å gjere noko.
Det betyr at:
Du slepp å hugse forfallsdatoar og registrere betaling manuelt
Banken sørger for at fakturaen blir betalt i tide
Du har full oversikt over rekningane i nettbanken, og kan laste dei ned eller skrive dei ut om du vil
Du kan endre forfallsdato, beløp og belastningskonto – eller stoppe ei betaling viss det trengst
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.
Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:
Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.