Den nye avtalen gir deg endå meir innhald og valfriheit!
Telia og TV 2 er einige om ei ny langsiktig samarbeidsavtale for TV2s kanalar og innhald. Avtalen sikra deg som TV-kunde hjå Telia enkel tilgang til alt av TV 2-innhaldet, og inkludera TV 2s kanalar og strøymetenesta TV 2 Play.
Avtalen gjev deg valfriheit, mangfald og moglegheit til å sjå endå meir kvalitetsinnhald på Norges mest moderne TV-plattform når du sjølv vil, kvar du vil, og på kva skjerm du vil.
I tillegg til TV 2 sitt eige, norskspråkelege kvalitetsinnhald innan underhaldning, nyheiter og sport, så vil den nye avtalen frå hausten av sikra at du som Telia-kunde kan få inkludert Disney+ i TV 2 Play Favoritt ved bruk av TV-poeng – på lik linja med andre strøymetenester i Telia Play.
Som kunde fekk du 1. mars 50 ekstra TV-poeng som vart tilgjengelege i valgmenyen. Poenga kan du bruka til å velja blant eit stort utval av TV-kanalar og strøymetenester.
På grunn av teknisk kompleksitet tok det nokre dagar å få på plass ein ordentleg og brukarvennleg tilgang til TV 2 Play. Hugs at kompensasjonen som gjaldt frå 1. mars også vil gjelde til og med ut juli månad – sjølv om all tilgang er open no.
Du kan sei opp abonnementet ditt no – men hugs at du kun har tilgang til TV 2 Play med reklame ut juli.
For å sei opp abonnementet ditt går til du kontoen din i TV 2 Play, deretter finn du abonnementet ditt og avsluttar det her.
Du beheld kompensasjonen din ut juli månad – sjølv om alle tenestane er tilbake!
Dersom du har tatt i bruk kompensasjonen du fekk med dei ekstra 50 poenga, så vil valgmenyen bli satt tilbake til slik den såg ut før brotet mellom Telia og TV 2. Om du ikkje ynskjer dette kan du sørge for å ha 50 ubrukte poeng i valgmenyen natt til 1. august.
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.