Voss Fiber er stolte sponsorar av RAUS – ein trygg og triveleg møteplass der vaksne kan møtast, knyta nye band og dela gode opplevingar. Arrangementet handlar om inkludering, samhald og mindre einsemd – og gjev deg sjansen til å bli kjend med folk du elles aldri ville møtt. Ein trygg arena for å skape gode vennskap!
På dagtid kan du vera med på varierte aktivitetar som passar for alle – frå leik og moro med Kari Traa, til gondolmysteriet, vindtunnel, jakkemaling, tur til bordalsgjelet, morgenbad, elvebad inkludert boblebad og badstu på Elva hotell, bowling, flyging i vindtunell, vinsmaking på Park hotell, get ready with me og fleire arenaer for å ete, slappe av og møtast.
Nokre aktivitetar er gratis, andre har ein liten deltakaravgift utanom billettprisen. Målet er enkelt: å dela opplevingar, skapa nye venskap og senka terskelen for å koma i kontakt med andre.
Her er påmeldinga no opna; skynd deg å kjøp billett for å få booka deg inn på det du vil oppleve!
Som lokal aktør er me opptekne av meir enn berre fiber og nettverk. Me vil vera med å skapa eit Voss der folk møtest, deler og lagar minner saman.
Når kvelden kjem, vert stemninga skrudd opp:
– Øystein og Christina Ygre Skorve leiar showet
– Musikkinnslag og andre morsomheter
– Stand-up med Else Kåss Furuseth
– Guttasnakk med Øyvind Rørås
– Musikk, DJ, dans og fest
– Konkurransar, leik og overraskingar
Om du kjem åleine, med kjærasten eller med venegjengen – dette er kvelden der alle er velkomne, og alle høyrer til. Bunnlinja er at du er åpne for å snakke med andre.
Dato: 13. september 2025
Stad: Voss
Billettar: Kjøp billett her!
PS! Det er færre enn 100 bilettar igjen!
Følg oppdateringar frå arrangementet på Facebook her!
Instagram: @RAUSNorge
Velkomen til haustens mest inkluderande og energiske møteplass – og kanskje til nye vener både på og utanfor nettet!
Vossingar – bli med!
Gratisbillettane er no delt ut.
For å gjera opplevinga endå meir raus, deler Voss Fiber ut eit begrensa antal billettar, slik at du får sjansen til å oppleva haustens mest inkluderande arrangement heilt gratis. Fyll ut kontaktskjema, så kanskje du er den heldige. Vinnarane vert kontakta direkte. Gratisbillettane er delt ut.
Har du ein nabo, ven eller kollega som enno ikkje har fiber?
Bli med på vår Verv ein ven-kampanje:
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.