Når du skal flytta til ein ny bustad, er det lurt å ha oversikt over kva som må gjerast med ditt noverande breibandsabonnement. Me hjelper deg slik at overgangen vert så smidig som mogleg – både for deg og dei som flyttar inn etter deg.
Som hovudregel skal modemet som høyrer til fiberen vår stå att i bustaden du flyttar frå. Det gjer at den nye bebuaren raskt kan ta tenesta i bruk.
Slik gjer du det enkelt for både deg og neste som flyttar inn – sjekk om me kan levera på den nye adressa di i dag!
Bestill breiband til ny adresse på førehand
Me hjelper deg å ha breibandet på plass når du flyttar inn. Bestill så snart som råd – så ordnar me oppkopling og installasjon på ny adresse. Slik slepp du også oppseiingstid på den avtalen du allereie har hos oss, og me sørgjer for at overgangen vert både saumlaus og så enkel som mogleg for deg.
Dersom ein ny eigar tek over bustaden du flyttar frå, kan me enkelt overføra avtalen vidare. Då slepp du oppseiingstid, og me ordnar alt det praktiske for deg. Legg inn kontaktinformasjon til ny bebuar i oppseiingsskjema under, så ordnar me resten.