Valet mellom Fiber og 5G – kva er det beste for meg?  

I takt med auka tilgjengelegheit av fiber, pågår òg ei omfattande utbygging av 5G. Med ei overflod av tekniske omgrep og marknadsføringsretorikk kan det vere utfordrande å bestemme seg for den rette internettløysinga for heimen din. 

Kva er hovudforskjellane mellom 5G og fiber? Med trådlaust breiband via 5G får du internett gjennom mobilnettverket. Dette betyr at signala blir sendt gjennom lufta frå ein basestasjon til heimen din. Signala frå basestasjonen blir delt med andre i ditt område, og difor kan hastigheita variere avhengig av ulike forhold. 

Med fiberbreiband blir internett-signala sendt via ein fysisk kabel heilt fram til heimen din. Her har du heile kapasiteten for deg sjølv, og du blir derfor ikkje påverka av eksterne faktorar. 

Kva hastigheit kan eg forvente? 5G-teknologien har potensiale til å levere imponerande hastigheiter. I praksis kan du oppnå hastigheiter mellom 50 Mbps og opptil 1000 Mbps under spesielle forhold. Hastigheita avhenger derimot av avstanden til nærmaste basestasjon, tal brukarar i området, samt vêrforhold. 

Fiber, som teknologi, har i prinsippet ubegrensa kapasitet, og datasignala blir sendt uhindra gjennom ein kabel. Du deler ikkje kapasitet med andre, så du kan oppnå maksimal hastigheit til ei kvar tid. Viss du for eksempel betalar for ei hastigheit på 600 Mbps, vil du alltid få 600 Mbps. 

Er det forskjell på nedlasting og opplasting? Viss du jobbar mykje heimeifrå, vil du oppdage at hastigheita for opplasting er like viktig som nedlasting. Med aukande bruk av skytenester som OneDrive og DropBox, er rask opplastingshastigheit naudsynt. 

Med 5G kan du oppnå gode opplastingshastigheiter under optimale forhold, men det kan fortsatt vere lågare enn nedlastingshastigheita ved tilnærma perfekte forhold. Med fiberbreiband er hastigheita symmetrisk, både for opplasting og nedlasting, uavhengig av vêrforhold og andre faktorar. 

Kan eg gå tom for data? Internett via mobilnettverket er ofte assosiert med datapakkar. Viss du bestiller trådlaust breiband via 5G, er datapakkane vanlegvis store, typisk rundt 2000 GB. Viss du er ein storforbrukar og overstig denne grensa, blir du vanlegvis ikkje fakturert meir, men hastigheita kan bli redusert til rundt 5 Mbps. 

Med fiberbreiband blir ikkje datatrafikken målt, så du kan surfe og streame så mykje du vil med maksimal hastigheit utan avgrensingar. 

Kva med installasjon? For å få trådlaust breiband via 5G må du vanlegvis montere ei antenne på husveggen din. Dette sikrar stabile radiosignal til nærmaste basestasjon og minimerer forstyrringar i signala. 

Med fiberbreiband blir signala sende gjennom ein kabel. Kabelen må førast heilt inn til bustaden din, vanlegvis ved å grave ned eit tynt rør frå tomtegrensa til grunnmuren din, eller via luftspenn. Ofte vert det framført på same måte som med straumlinja. Ein teknikar tek seg av installasjonen inne i bustaden din. 

5G representerer ei viktig utvikling for mobilnettverket og gir betydelege forbetringar for dei som er på farten eller ikkje har tilgang til fiber. For enkle internettoppgåver vil du truleg ikkje merke stor skilnad mellom trådlaust breiband og fiberbreiband. For eit stabilt internett heime – der du skal sjå på TV, spele spel, surfe og jobbe frå heimekontor, er fiber det mest pålitelege og framtidsretta valet. 

Visste du at?  

Voss Fiber tilbyr i dag trådlause løysingar, der me ikkje kjem fram med fiber og nødvendig infrastruktur så tilbyr me bedrifter og bustader breiband på trådlaust internett.   

Basestasjoner som leverer 5G er avhengig av fiber, Voss Fiber skal levere fiber til fleire mobilsendarar på Voss i framtida.   

Relaterte innlegg

RAUS 2025

RAUS 2025 Arrangementet for inkludering og felleskap Voss Fiber er stolte sponsorar av RAUS – ein trygg og triveleg møteplass der vaksne kan møtast, knyta nye band og dela gode opplevingar.

Les meir »

Kampanjetilbod: V Premium

Ikkje TV-kunde? Bestill TV-pakke og få med V Premium til kampanjepris her! Premier League til 399,-/mnd Premier League-sesongen er straks i gang igjen, og no kan du bestille tilgang til

Les meir »

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.