Din lokale telekommunikasjonsmontør

Når behovet for teknisk assistanse plutseleg meldar seg

Teknologien er ein viktig del av kvardagen vår, men den kan vera uforutsigbar. Det er umogleg å vita når behovet for teknisk assistanse plutseleg oppstår – det kan vera alt frå små justeringar til større feil som må rettast umiddelbart. Å ha tilgang til ein lokal telekommunikasjonsmontør gjev ein uvurderleg tryggleik; hjelpa er aldri langt vekke, og du slepp å venta lenge på hjelp. Dette er særleg viktig når teknologien sviktar midt i ein travel arbeidsdag eller under strøyming av favorittprogrammet ditt.

Tilgjengeleg

Voss Fiber tilbyr ikkje berre høgkvalitets internett-tenester, men også den ekstra tryggleiken av å ha ein lokal telekommunikasjonsmontør tilgjengeleg kortid som helst. Som ein lokal fiberleverandør er hjelpa alltid nær, noko som gjev våre kundar ein unik fordel. Dette betyr at du kan få rask og effektiv hjelp dersom det skulle oppstå tekniske problem. I motsetnad til større, nasjonale leverandørar, som ofte har lang responstid, er Voss Fiber alltid nær for å sikre at du får den beste hjelpa me kan tilby.

Ein av fleire fordelar med ein lokal leverandør

Me er opptatt av å tilby ei eineståande kundeservice, og sender alltid montør kostnadsfritt dersom det oppstår feil som skuldast vårt utstyr i bustaden din. Dette er ein av våre lovnader for å gje deg som kunde den beste opplevinga. Me forstår kor viktig tid er, og difor vil me alltid vere raske til å respondera og sende hjelp når behovet melder seg.

Når du vel Voss Fiber, vel du meir enn berre raskt og påliteleg internett. Du vel ein leverandør som er djupt rotfesta i lokalsamfunnet, og som har ei djup forståing for dine behov. Det er vårt lokale nærvær som gjer at me kan tilby personleg og rask service – noko me er svært stolte over.

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.