Din turguide på Voss

Oppdag DNT hyttene i nærleiken

Kortreiste sommaropplevingar

Kven seier at dei beste ferieopplevingane krev lange reiser? Midt i fjella våre ligg eit nettverk av hytter som gjev deg tilgang til ekte naturopplevingar, rolege dagar og kvalitetstid med familie og vener. Som sponsor av Voss Utferdslag er Voss Fiber stolt samarbeidspartnar i arbeidet med å gjera naturen tilgjengeleg for fleire.

Denne sommaren ynskjer me å inspirera fleire til å oppdaga dei flotte DNT-hyttene, enten du er erfaren fjellvandrar eller berre vil ha ei enkel overnatting i vakker natur.

Medlem? Då har du tilgang til eit heilt hytteunivers

Som medlem i DNT får du tilgang til hundrevis av hytter over heile landet, inkludert dei flotte hyttene som Voss Utferdslag forvaltar lokalt.

Mange av hyttene ligg lett tilgjengeleg og eignar seg perfekt for ein spontan sommartur, ei helg med familien eller ei roleg overnatting langt frå skjermar og kvardagsstress.

Din turguide på Voss i sommar

Nansenbu

Den perfekte introduksjonen til hyttelivet

mytxl9xxsnetmmtiw8my

Ynskjer du ei enkel og familievenleg naturoppleving? Då er Nansenbu eit flott utgangspunkt. Hytta ligg i eit område som eignar seg godt for både små og store eventyrarar, og er ein fin måte å bli kjend med DNT-hyttene på.

Volahytta og Tvinnestølen

Kortreist lukke

lqlga5gb6gbpkxhk6og1

Dette er kanskje den perfekte “heimeferien” for familiar som ynskjer å skapa gode minner saman. Her kan du leggja ut på ein todagars tur mellom Volahytta og Tvinnestølen.

Grindaflethytta

Den ultimate høgfjellskjensla

oyayhneilvrbo3xy4ofy

Ei flott hytte for deg som ynskjer høgfjellskjensle og storslått utsikt. Grindaflethytta er eit populært turmål og eit godt utgangspunkt for vidare turar i området.

Kaldavasshytta

Ekte fjellro

p6wb8fgwkdxdirg5rzdv

Ei hytte som byr på ekte fjellro og nærleik til naturen. Her kan du nyta stillheita og la skuldrene senka seg.

Gje borna sommarminner som varar

Små eventyr, store opplevingar i fjellet

Når sommaren kjem, er det lett å tenkja at dei største opplevingane finst langt vekke. Men ofte er det dei enkle tinga som skaper dei beste minna: å fanga den fyrste fisken, byggja demning i ein bekk, bada i eit fjellvatn eller sitja rundt bordet på ei hytte og spela kort medan regnet trommar på taket. I ein kvardag der skjermar stadig tek større plass, blir naturen ein arena der borna får utforska, læra og utvikla seg på eigne premissar.

På hyttene til Voss Utferdslag ligg alt til rette for slike opplevingar:

  • fiske i fjellvatn
  • bading på varme sommardagar
  • utforsking av stiar og terreng
  • jakt på froskar og småkryp
  • kortspel og lesestunder på hytta
  • matlaging saman etter ein aktiv dag ute

Det er ofte dei små augneblikka som blir dei store minna.

Gjennom samarbeidet med Voss Utferdslag ynskjer Voss Fiber å bidra til eit aktivt lokalsamfunn og gode opplevingar i naturen. Me håpar fleire nyttar sommaren til å utforska fjella, vatna og hyttene som fins i nærmiljøet vårt.

Medlemskap i DNT

Me ynskjer alle ein god tur og ein riktig god sommar!

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.

Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:

Voss

Uvisst!

Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.