Ein ny start som lærebedrift

Voss Fiber godkjend som lærebedrift

Voss Fiber har fått ein spanande og viktig milepæl i historia si. Me er no offisielt godkjende som lærebedrift i IT-driftsfaget, og me ser fram til å ta imot vår fyrste lærling. Dette er ei stor nyheit som me gler oss over å kunna dela med dykk. Det å få moglegheita til å vera ein læringsarena for unge talent er ei oppgåve me tek på alvor.

Me ser fram til å skapa ein arbeidsplass der me, saman med vår lærling kan veksa og utvikla oss ilag. Det er viktig for oss å satsa på lærlingar og gje dei ei sjanse til å læra og utvikla seg i eit reelt arbeidsmiljø. Me trur at ved å investera i framtida til ungdommane våre, investerer me også i framtida til bedrifta og lokalsamfunnet.

Mykje kunnskap i ei lita bygd

Voss er ei lita, men stolt bygd, og me er klar over kor viktig det er å behalda kunnskap og ferdigheita her. Ved å vera ei lærebedrift bidreg me til å sikra at kunnskapen vert verande her, og at me kan fortsetja å utvikla bygda vår. Kunnskap er ein viktig ressurs, og ved å satsa på lærlingar sikra me at denne resurssen vert teken vare på og delt med dei som kjem etter oss.

Me er stolte av å no vera ei lærebedrift og ser fram til den spanande tida me har i vente med å skapa ei positiv utvikling for både bedrifta og bygda.

Relaterte innlegg

Bli med på Vossa Jazz!

Bli med på Vossa Jazz! Vossa Jazz er ein av dei mest tradisjonsrike musikkfestivalane i Noreg og har sidan starten i 1973 samla publikum og musikarar til ei heilt spesiell

Les meir »

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.

Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:

Voss

Uvisst!

Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.