Å vera ein lokal fiberleverandør handlar om meir enn å levera raskt og stabilt internett. For oss i Voss Fiber handlar det og om å vera ein del av bygda me bur og arbeider i. Me har lokal kompetanse, drift og kundeservice tett på kundane våre, og som ei lokal verksemd skal me også bidra med meir enn digital infrastruktur.
Bak kvart idrettslag, kvar festival og kvart arrangement står det folk som brukar mykje av fritida si på å skapa noko for andre. Utan desse hadde Voss vore ei heilt anna bygd. Kvart år støttar me ulike lag, organisasjonar og arrangement innan idrett, kultur og friluftsliv. Nokre av samarbeida våre har vart i mange år, medan andre er knytte til enkeltarrangement eller mindre lokale initiativ. Felles for dei er at dei bidreg til aktivitet, fellesskap og gode opplevingar i lokalmiljøet vårt.
Ein stor del av sponsorengasjementet vårt er knytt til idrett og aktivitet for born og unge. Saman med Voss Energi er me stolte hovudsponsorar av FBK Voss og ein av hovudsponsorane til Voss Cup. Kvart år under Voss Cup vert fotballbanane fylte med ivrige ungar, trenarar, foreldre og frivillige. For mange er dette eit av dei store høgdepunkta i året. Gjennom samarbeidet med FBK Voss har me og støtta til Voss Fiber Fotballskule, der born får nokre aktive sommardagar med fotball, leik, samhald, inkludering og ikkje minst, nye vener.
Me er også hovudsponsor for Bulken IL og har samarbeid med IL Ørnar i Skulestadmo, som kvar for seg står for sine fotballarangement i sine områder. Me støttar elles også andre lokale fotballag gjennom ulike avtalar, mellom anna Bjørgum IL, og me har bidrege med drakter til fotballaget Ørn. Voss er også ei skibygd, og me bidreg med støtte til Voss Alpin, som er eit samarbeid mellom Voss IL og IL Ørnar. I 2026 var me hovudsponsor for NM hopp junior og Norgescupfinalen i Nye Bavallsbakken. Eit arrangement som viste kor mykje dei lokale idrettslaga og alle dei frivillige kan få til saman.
Voss har mykje meir å by på enn idrett. Me er mellom anna ein del av Vossa Jazz-lauget, der me gjennom fleirårige sponsoravtalar er med og støttar ein av dei mest tradisjonsrike musikkfestivalane i landet. Vossa Jazz har samla musikarar, frivillige og publikum på Voss sidan 1973. Festivalen er ein viktig del av kulturlivet i bygda, og eit flott døme på kva lokale eldsjeler kan byggja opp over tid. Me er også så heldige å vera ein god samarbeidspartnar med Voss Utferdslag, som gjer ein stor innsats for å leggja til rette for friluftsliv og turglede i fjella våre.
Ekstremsportveko er verdas største ekstremsportfestival og har blitt arrangert på Voss sidan 1998. Festivalen samlar utøvarar, frivillige og publikum frå heile verda, og er med på å setja Voss på kartet internasjonalt. Voss Fiber har dei siste åra vore både hovudsponsor og ein digital leverandør til Veko. I tillegg til sponsorbidrag leverer me fiberinfrastruktur, nettverk og WiFi til festivalområdet, ved å bruka den lokale kompetansen og infrastrukturen vår kan me vera med og leggja til rette for at eit stort arrangement på Voss fungerer godt, både for arrangørar, deltakarar, presse og publikum.
Det er ikkje berre dei store festivalane og idrettslaga som skapar liv i bygda. Rundt om i grendene finst det mange lag og eldsjeler som arrangerer basarar, samlingar, aktivitetar og små arrangement. Sjølv om arrangementet ikkje får dei største overskrifta så betyr dei mykje for dei som bur der, difor ynskjer me også å bidra til dei mindre initiativa. Me støttar mellom anna lokale grendalag med premiar til basarar og andre arrangement. Me har engasjert oss i aktivitetar som Gryto LAN i regi av Voss herad. Her får ungdom møtast rundt ei felles interesse for gaming og digitale aktivitetar. Som fiberleverandør synest me sjølvsagt det er ekstra kjekt å kunna støtta initiativ der teknologien er med på å samla folk. Enten det handlar om ein fotballcup, konsert, ein basar eller eit lokalt ungdomsarrangement, er det engasjementet bak som betyr mest. Og det er nettopp dette engasjementet me ynskjer å vera med og ta vare på.
Når du vel Voss Fiber som leverandør av internett og TV, vel du samtidig ei lokal verksemd med hjarte for bygda vår. Me er sjølvsagt stolte av fibernettet me har bygd ut, og av tenestene me levera, men me er minst like glade for å kunna vera ein del av det som skjer i bygda. For oss handlar det om å vera meir enn ein internettleverandør. Me vil vera ein god nabo og ein støttespelar for bygda vår.
Takk til alle kundane våre som gjer dette mogleg, saman set me fart på bygda!
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.
Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:
Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.