I ei tid der internett spelar ei sentral rolle i både leik og læring, kan det vere krevjande for foreldre å ha kontroll på kva barna gjer på nettet. Voss Fiber tilbyr verktøy for å gjere nettbruken tryggare for heile familien, slik at du kan beskytte borna dine og skape gode rutinar.
Ved å bruke foreldrekontroll kan du blokkere uønska nettsider og sørgje for at borna dine berre får tilgang til trygt innhald. Dette beskyttar dei mot skadeleg materiale. Du kan også avgrense kor mykje tid dei tilbringer på nettet ved å setje opp faste tider der einingane deira blir blokkerte. Dette fremjar ein god balanse mellom skjermtid og andre aktivitetar, som lekser, søvn og familietid.
Med foreldrekontroll kan du tilpasse nettbruken til kvart familiemedlem gjennom eigne profilar, slik at du lett kan administrere kven som har tilgang til nettet og når. Dette bidreg til å skape sunne nettvanar og sikrar ei trygg og balansert oppleving på internett for borna dine.
Foreldrekontroll gjev deg full oversikt over kva nettsider og tenester borna dine kan bruke, og let deg beskytte dei mot upassande innhald. Du kan enkelt setje opp reglar for internettbruk, som å slå av nettet etter leggetid eller blokkere visse nettsider. Dette bidreg til å forme sunne og trygge nettvanar, samtidig som barna får nytte dei positive sidene av internett på ein sikker måte.
Foreldrekontroll i nettlesaren hjelper deg med å tilpasse nettopplevinga for barna dine. Med få steg kan du bidra til at dei får ein tryggare og meir balansert kvardag på nettet.
No har du aktivert foreldrekontroll på modemet ditt og kan trygt la barna dine bruke nettet innanfor dei grensene du har satt.
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 15. september 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
Foreldrekontroll i appen gjer det enkelt å følgje med på kva barna dine gjer på nettet og skape tryggare rammer for nettbruk. Ein rask og brukervennleg måte å sikre familien på, rett frå mobilen din.
Ferdig!
No har du aktivert foreldrekontroll på modemet ditt og kan trygt la barna dine bruke nettet innanfor dei grensene du har satt.
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 15. september 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
Forskjellige oppsett kan ha varierande valg for foreldrekontroll. Om du står fast eller er i tvil – ta kontakt med kundesenteret!
Er du ellers nysgjerrig på alle moglegheitane med Zyxel Mesh? Les meir her.
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.