Sikre trygg bruk av digitale verktøy for barn og unge
Ein tryggare internettopplevelse for borna dine
I ei tid der internett spelar ei sentral rolle i både leik og læring, kan det vere krevjande for foreldre å ha kontroll på kva barna gjer på nettet. Voss Fiber tilbyr verktøy for å gjere nettbruken tryggare for heile familien, slik at du kan beskytte borna dine og skape gode rutinar.
Ved å bruke foreldrekontroll kan du blokkere uønska nettsider og sørgje for at borna dine berre får tilgang til trygt innhald. Dette beskyttar dei mot skadeleg materiale. Du kan også avgrense kor mykje tid dei tilbringer på nettet ved å setje opp faste tider der einingane deira blir blokkerte. Dette fremjar ein god balanse mellom skjermtid og andre aktivitetar, som lekser, søvn og familietid.
Med foreldrekontroll kan du tilpasse nettbruken til kvart familiemedlem gjennom eigne profilar, slik at du lett kan administrere kven som har tilgang til nettet og når. Dette bidreg til å skape sunne nettvanar og sikrar ei trygg og balansert oppleving på internett for borna dine.
Kvifor er foreldrekontroll viktig?
Foreldrekontroll gjev deg full oversikt over kva nettsider og tenester borna dine kan bruke, og let deg beskytte dei mot upassande innhald. Du kan enkelt setje opp reglar for internettbruk, som å slå av nettet etter leggetid eller blokkere visse nettsider. Dette bidreg til å forme sunne og trygge nettvanar, samtidig som barna får nytte dei positive sidene av internett på ein sikker måte.
Trygg og enkel styring av internettbruk for familien
Med foreldrekontroll på Zyxel-modemet ditt kan du enkelt avgrense tilgangen til nettsider og styre skjermtida for familiemedlemmene
Begrensing av skjermtid: Set opp tidsavgrensingar slik at barna berre kan bruke internett til faste tider på dagen.
Blokkering av innhald: Halde barna unna nettsider med upassande innhald gjennom URL-filtrering og blokkering.
Redusert risiko for nettmobbing og farlige kontakter: Ved å begrense tilgangen til visse plattformer eller chattefunksjoner, kan man minske risikoen for at barn kommer i kontakt med fremmede eller blir utsatt for nettmobbing.