Frå ingen dekning til full fibertilkopling

Slik gjekk fiberutbygginga til Bordalen og Rong - Eit krevande prosjekt i utfordrande terreng

Voss Fiber er stolte over å ha gjennomført eit av våre større utbyggingsprosjekt, der me har utvida fibernettet til dei meir avsidesliggjande delane av Vossa-bygda. Dette har vore mogleg takka vere tilskot frå EKOM-midlar tildelt av Voss Herad, og eit tett samarbeid mellom lokale entreprenørar, innbyggjarar og ikkje minst, TendraNETT. Prosjektet har vore omfattande og krevande i særs utfordrande terreng, men med eit felles mål om å gje stabile og moderne kommunikasjonsløysingar til alle delar av bygda. 

Avgjerande med godt samarbeid

Utbygginga har vore ein stor prosess med mange aktørar involverte. For at prosjektet skulle lukkast, har det vore naudsynt med eit tett samarbeid mellom entreprenørar og dei fast buande i området. Den nye fiberlinja strekkjer seg heile 9862 meter, frå Bordalen skule og vidare inn til Rong.

Rong har vore eit område med utfordrande kommunikasjonsforhold, der innbyggjarane tidlegare har hatt dårleg eller ingen mobildekning. Med fiber kan dei nytta stabilt internett, og moglegheit for å ringja via WiFi når dei er heime.

Dette er ein stor milepæl for innbyggjarane i området, som no kan nyta betre digital tilgjengelegheit.

Sikrare straumnett og framtidsretta infrastruktur

I tillegg til fiberutbygginga har prosjektet også inkludert ei oppgradering av straumnettet. Området har tidlegare vore prega av ustabile straumtilførsler, men med den nye utbygginga har ein no sikra ei stabil og trygg straumforsyning. Dette vart ferdigstilt til jol, medan installasjonen av fiber var i gang på nyåret.

For dei fastbuande i Rong og omkringliggjande område er dette eit viktig lyft for infrastruktur og kommunikasjon. Det gjev betre kvardagar, sikrare arbeidsforhold og ein meir moderne kvardag med tilgang til fiber.

Stolte som lokal fiberleverandør

Voss Fiber er stolte over å kunne levera moderne og stabile løysingar, òg til dei meir avsidesliggjande delane av Voss Herad. Det har vore eit stort prosjekt, men me er glade for å kunne tilby fiberbreiband til også denne delen av Vossa-bygda.

Dette prosjektet viser verdien av godt samarbeid og viktigheita av å investera i digital infrastruktur for framtida. No ser me fram til vidare utvikling og nye utbyggingar som kan gi endå fleire innbyggjarar tilgang til moderne og framtidsretta kommunikasjonsløysingar.

Eg er stolt over å kunne representere Voss Fiber. Dersom det er noko du lura på, så kan du ta ting på telefon, men det er ikkje verre enn at eg reiser ut og forklarer litt. Folk skal vera trygge på den leverandøren dei får, og at dei får hjelp når dei treng det.

Slik gjekk utbygginga

Er du interessert i fiber?

Stabilt og raskt internett rett heim til deg!

Ta kontakt i dag for eit uforpliktande tilbod – me hjelper deg å finne den beste løysinga for ditt behov.

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.