Viktig informasjon til kundar med Get boks Mikro

Voss Fiber vil informera kundane våre om at TV-dekodar av typen Get boks Mikro vil verta avvikla med tida. Dette betyr at det er naudsynt for kundar som framleis nyttar denne dekodaren å returnera eller byta den ut for å sikra kontinuerleg tilgang til TV-tenestene våre.

Me anbefaler at alle kundar som har Get boks Mikro, tek kontakt med oss snarast mogleg for å avtala ein utskifting. Dette kan gjerast ved å besøka kundesenteret vårt, kontakta oss via telefon, eller senda ein e-post til kundeservice.

Voss Fiber vil sørgja for ei enkel og smidig overgang til ein ny dekodar, slik at du kan halda fram med å nyta favorittprogramma dine utan avbrot. Me set stor pris på samarbeidet ditt i denne prosessen og ser fram til å fortsetja å levera gode tenester til deg.

Kontakt oss for avtale av kostnadsfri henting av ny boks her​

Kontakt oss for avtale av kostnadsfri henting av ny dekodar her​

Ta kontakt

Spørsmål og svar

Alle kundar med denne type dekodar vil verta kontakta pr SMS.

Get boks Mikro er ein av dei eldre type TV-dekodaren til Telia, som no vil verta avvikla. Sjå bilete under.

Byte må skje så snart som råd. 

Dersom du ikkje returnera TV-dekodaren din vil den etter avviklingsdato miste sin funksjonalitet. 

Når du tar kontakt med oss for byte av Get boks Mikro vil du få den nyaste TV dekodaren til Telia. Den har innebygd Chromecast, streaming i 4K, stemmestyrt fjernkontroll og du vil få tilgang til tusenvis av appar til nedlasting, som til dømes Netflix, Viaplay, TV2 Play osb.  

Ny TV-dekodar skal vera enkel å setja opp sjølv, då den i hovudsak kun treng straum og internett-tilgang. Dersom du skulle vera i tvil om dette er noko du får til, sei ifrå så hjelper me deg!

Framleis noko som er uklart? Kontakt oss gjerne på telefon 51 20 81 15

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.

Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:

Voss

Uvisst!

Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.