Telia Norge har vorte utsatt for datainnbrot som har ført til at kundedata har kome på avvegar. Undersøkingar så langt viser at det er snakk om namn, adresse, e-postadresse, telefonnummer og fødselsdato til privatkundar som har TV frå Telia.
Telia opplyser at dei ser svært alvorleg på denne situasjonen og har mobilisert betydelege ressursar for å handtera dette. Det er allereie gjennomført fleire sikkerheitstiltak for å redusera moglegheita for misbruk av opplysningane. Selskapet samarbeider tett med myndighetene, og saka er under etterforskning hjå politiet. Me har også tett dialog med Telia i denne saka.
Sidan Telia er vår leverandør på TV, kan enkelte av våre kundar også vera råka. Dette er imidlertidig ikkje verifisert på noverande tidspunkt.
Du som kunde treng ikkje gjera noko no, men me oppmodar alle om å vera ekstra merksame på moglege svindelforsøk.
Me beklaga på det sterkaste dei ulempa og den belastninga hendinga kan medføra for deg.