Sidan 2016 har det vore momsfritak på digitale nyheitstenester. Frå og med 1. januar 2023 har regjeringa fjerna dette momsfritaket.
Dette medfører at alle distributørar av nyheiter, som Telia – vår innhaldsleverandør – må betale full moms til staten for distribusjon av nyheitsinnhald. Som fylgje av dette må me setje opp prisen for våre TV-pakker.
Prisauke for dei ulike TV-pakkene:
TV & Strømming 50 poeng – 47,- pr månad
TV & Strømming 5 poeng – 25,- pr månad
FAQ
Eg ser ikkje på nyheiter gjennom TV-pakka mi, kan eg sleppe denne prisauken?
Nei, dette er dessverre ikkje mogleg. Nyheitstilbodet via Telia si TV-pakke er ein del av det faste innhaldet og kan dessverre ikkje velgast vekk.
Tjener Voss Fiber noko på dette?
Nei, det gjer me ikkje. Dette er ein avgift regjeringa pålegg oss å kreve inn frå kundane våre.
Eg er binda til ein avtale, kan eg sei opp avtalen?
Sidan dette er ei lovpålagt avgiftsendring frå regjeringa er det ikkje mogleg å sei opp avtalen dersom ein er binda til ein avtale. Voss Fiber viser til vilkår (punkt 3.6):
«Dersom Leverandøren pålegges nye eller økte offentlige skatter eller avgifter, private eller offentlige programavgifter, opphavsrettslige avgifter eller andre avgifter eller kostnader utenfor Leverandørens kontroll, kan Vederlaget endres med virkning fra iverksettelsen av pålegget».
Kortid skjer endringa for meg?
Sjølv om endringa tredde i kraft frå og med 1. januar vil me ikkje justere sum på faktura for deg som kunde før frå og med 1. mars. På neste faktura (gjeldande for mars månad) vil faktura inkludere momsendringa.
Voss Fiber har nettopp hatt ein prisauke – kan de likevel auke prisen igjen no?
Frå og med 1. januar 2023 hadde me ei prisauke på våre breibands- og TV-pakker. Dette var ei generell prisauke som samsvarar med prisnivået i marknaden, der me også måtte ta høgde for aukte kostnadar som følge av inflasjon. Prisauken har ingen samanheng med momsendringa som for øvrig er eit pålegg frå staten.