Voss Fiber, saman med Voss Energi, er stolte hovudsponsorar av både Voss Cup og FBK Voss. Gjennom eit mangeårig og tillitsfullt samarbeid har me vore med på å leggja til rette for idrettsglede, meistring og fellesskap for born og unge i bygda. I 2023 fornya me forpliktelsen vår gjennom ein ny treårig avtale, eit tydeleg bevis på kor viktig det er for oss å bidra til eit levande og aktivt lokalsamfunn.
Voss Cup er meir enn ein fotballturnering, det er ei festhelg for heile bygda! Voss Cup vart arrangert for fyrste gong i 1991 og feirar dermed 35 år i år! Sidan den gong har arrangementet vakse og blitt den største barnefotball turneringa i Norge, ein samlingsplass for unge og ein viktig arena for leik. Me i Voss Fiber er stolte over å halda fram som hovudsponsor saman med Voss Energi, og støttar vidareutviklinga av denne unike og inkluderande møteplassen for born, unge og familiar.
Jobben FBK Voss og Voss Cup gjer for så mange born og unge er uvurdeleg. Som ei lokal bedrift ynskjer me å støtta detta arbeidet, slik at flest mogleg born og unge kan få delta i aktivitet.
Brede Herheim, Voss Fiber
I år feirar Voss Cup 35 år med fotball, fellesskap og gode opplevingar. Det som starta som ein lokal jubileumscup i 1991, har vakse til å verta ei av dei største barnefotballturneringane i Noreg.
Gjennom åra har tusenvis av born, trenarar, foreldre og frivillige vore med på å skapa minner for livet. Bak suksessen ligg eit imponerande dugnadsarbeid og eit sterkt engasjement frå heile bygda.
Me ser tilbake på 35 år med fotballglede, milepælar og sterke augneblink, og ser fram til nye kapittel i historia til Voss Cup.
Me i Voss Fiber brenn for å styrka lokalsamfunnet og leggja til rette for aktivitetar som skapar meistring, glede og samhald blant born og unge. Gjennom vår støtte vil me bidra til at endå fleire får moglegheita til å delta i idrett og fellesskap som fremjar både fysisk og sosial utvikling.
Når lokalsamfunnet står samla, kan me få til mykje saman, og Voss Cup er eit strålande døme på nettopp det. Me ser fram til mange nye år med heiarop, engasjement og ekte idrettsglede på bana.
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.
Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:
Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.