Informasjon om forhandlingane mellom Telia og TV2

Oppdatert 16. mai 2025:

Frå 1. mars 2025 har Telia måtta fjerna TV 2 sine kanalar og strøymetenester frå Telia Play. Dette skuldast at Telia og TV 2 ikkje har kome til einigheit om ei ny TV-avtale. Me i Voss Fiber beklagar på det sterkaste dei ulempene dette medfører for våre kundar.

Telia har jobba intenst for å få på plass ei løysing, men det er dessverre framleis stor avstand mellom partane. Ifølgje Telia kjem dette blant anna av at TV 2 krev at Telia – og dermed i praksis alle våre kundar – skal dekkja ein uforholdsmessig stor del av kostnadene deira til sportsrettar. Dette har Telia ikkje kunna gå med på.

Som ei kompensasjon for manglande tilgang til innhald frå TV 2, tilbyr Telia alle kundar 50 ekstra TV-poeng. Desse kan nyttast til å velja mellom eit stort utval TV-kanalar og strøymetenester, som til dømes Netflix, HBO Max, Viaplay, SkyShowtime og Prime Video. 

Telia har registrert at TV 2 har uttalt i media at dei planlegg ein framtid utan Telia som distributør. Telia tolkar dette som eit forhandlingsutspel, på same måte som liknande uttaler TV 2 har kome med i tidlegare forhandlingar. Dessverre meiner Telia at TV 2 nyttar desse forhandlingsrundane til å pressa opp prisnivået i marknaden, noko som går utover våre kundar når Telia prøver å stå imot dette presset.

Telia anerkjenner at TV 2 sitt allmennkringkastingsinnhald er populært blant våre kundar, og dei har derfor tilbydd TV 2 ei betydeleg høgare betaling enn før – inkludert for tenester som TV 2 Direkte, TV 2 Nyheter og grunnpakken i TV 2 Play. TV 2 ønskjer likevel ikkje å gi kundane tilgang til dette innhaldet utan at alle også betaler for sportskanalane TV 2 Sport 1 og TV 2 Sport 2.

Telia ønskjer framleis å få på plass ein ny avtale med TV 2, og dei er klare til å gå tilbake til forhandlingsbordet så snart TV 2 viser vilje til det same.

Telia har i dag eit godt samarbeid med over 30 andre innhaldsleverandørar, og håpar også å få etablert eit godt partnarskap med TV 2 framover.

Hugs at du kan til ei kvar tid også finna oppdatert informasjon på Telia si eiga nettside: telia.no/tv-2-info 

Kompensasjon

Som kunde har du allereie fått 50 ekstra TV-poeng som er tilgjengeleg i valgmenyen som du kan bruke til å velje blant eit stort utvalg TV-kanalar og strømmetenester. 

Me held deg oppdatert

Me forstår at dette kan vere frustrerande og beklagar situasjonen. Telia ønskjer framleis å finne ei løysing, og me vil oppdatere denne sida dersom det kjem nye endringar.

Slik vel du innhald i Telia Play

Med 50 ekstra poeng har du eit hav av moglegheitar å velja mellom av kanalar og strøymetenester! Finn noko du vil sjå, legg til, aktiver og nyt innhaldet.

Spørsmål og svar

Følgjande kanalar og strøymetenester er råka:

Faste TV-kanalar: TV 2 Direkte, TV 2 Zebra, TV 2 Livsstil og TV 2 Nyheiter
TV-kanalar som kunne veljast inn: TV 2 Sport 1 og TV 2 Sport 2
TV-kanalar i tilleggspakkar: TV 2 Sport Premium, TV 2 Sport Premium 2, Hits, Stars og SF-kanalen
Strøymetenester: TV 2 Play (med og utan reklame) og Nordisk Film+

Målet til Telia er å kome fram til ein avtale med TV 2 som sikrar kundane våre valfridom og tilgang til innhaldet dei ønskjer å sjå – på vilkår som er rettferdige for begge partar. Forhandlingane pågår fortsatt, og me vil halde deg oppdatert på denne sida framover.

Frå og med 1. mars. 

Som kunde er du kompensert med 50 ekstra TV-poeng, som vert lagt til automatisk. 

Dei som ynskjer det kan framleis få tilgang til TV 2, men det krev at du oppretter eit eige abonnement på TV 2 Play.

Merk at TV 2 Play ikkje vil vere tilgjengeleg via Telia Play-appen, så du må bruke TV 2 Play-appen direkte på Telia-boksen.

Fekk du ikkje svar på det du lurde på?

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.