Med Telia Play kan du sjå TV når det passar deg, der det passar deg – anten heime i stova, på hytta eller på farten, både i Noreg og i utlandet. Du kan sjå Telia Play på den skjermen og den eininga du sjølv ynskjer. Moglegheitene er mange!
Telia Play er ei fleksibel strøymeteneste som samlar over 100 populære strøymetenester og TV-kanalar på ein stad. Alle våre kundar med TV & Strømming i sitt abonnement har tilgang til Telia Play. Byt mellom ulike strøymetenester som Netflix, Viaplay, SkyShowtime og fleire, utan bindingstid og kun med bruk av poenga du har inkludert i Valgmenyen!
Sjå innhald overalt
Telia Play er tilgjengeleg for nedlasting slik at du kan sjå alt av ditt innhald saumlaust på tvers av dine einingar! Fortset favorittfilmen frå TV kvelden før på nettbrettet dagen etter. Med Telia Play får du friheita til å ta med deg TV dit du vil.
Telia Play app
Last ned appen på mobil, nettbrett, Smart TV eller Apple TV.
Telia Play Box
Vil du sjå på TV kan du og bestilla Telia Play Box – som er Telias strøyme-og TV boks med Telia Play innebygd.
Teliaplay.no
Sjå Telia Play via nettlesar på PC eller MAC via www.teliaplay.no. Nyt det same innholdet som på boks eller app.
Last ned Telia Play appen her
Last ned appen og bruk den overalt. Telia Play fungera på følgande einingar:
Ein av dei praktiske funksjonane i Telia Play-appen er moglegheita til å laste ned innhald på førehand. Dette betyr at du kan sjå filmar og seriar utan å vere tilkopla internett!
Sjå etter nedlastningssymbolet ved sida av program, filmar og seriar som er tilgjengelege for nedlasting.
For å lasta ned innhald, trykk på symbolet. Innholdet vert lagra på eininga di, slik at du kan sjå det seinare, sjølv utan nettilgang. Dette er perfekt for reiser eller stader med dårleg nettverkstilgang. Innhaldet som kan lastast ned i Telia Play er kjøpe- og leigefilm. Dersom du vil laste ned innhald i strøymetenester så må dette gjerast i eige app for den gjeldande strøymetenesta.
Slik kjem du i gang
Last ned Telia Play-appen
Logg deg inn med Telia Play-brukaren din, eller via Mi Side her
Skriv inn mobilnummer eller e-postadressa di (det som er knytt til abonnementet ditt hjå oss)
Trykk “gløymd passord”.
Verifiser deg med BankID, og set ditt personlege passord
Logg inn med det nye passordet
Finn innhaldet du vil sjå på – og trykk play!
Vel og vrak i Valgmenyen
Usikker på korleis du vel inn og ut strøymetenester og kanalar? Under finn du alt du treng å vita om Valgmenyen. Velg og vrak så ofte du ynskjer!