Er lenkja trygg? Slik avsløra du falske nettstader

Slik tolkar du lenkjer for å unngå feller på nettet

Når du surfar på nettet, møter du stadig på lenkjer som tek deg til ulike nettsider. Men veit du korleis du kan sjå om ei nettside er trygg eller ikkje?

Her er ein rask guide til korleis du kan tolka lenkjer og dermed unngå digitale feller på nett.

HTTP vs. HTTPS - Kva er forskjellen?

Lenkjer startar ofte med http:// eller https://. Denne vesle forskjellen er avgjerande for tryggleiken din:

HTTPS: Kryptert – tryggare å bruke, særleg for nettbank, nettbutikkar og innloggingar.

HTTP: Ukryptert – data du sender (t.d. passord og kortinformasjon) kan bli fanga opp av uvedkomande.

Tips! Om ei nettside ber deg om å oppgje sensitiv informasjon, men ikkje har HTTPS, bør du unngå å skriva inn noko.

Domenenamn - Kven eig nettsida?

Når du får ei lenkje i ei melding eller via e-post, sjekk alltid domenenamnet. Skadelege nettsider kan prøve å etterlikna kjende sider. 

Eksempel:
www.vossfiber.no → Riktig!
www.vossfiber-support.com → Kan vera svindel!

Tips! Om du er i tvil, skriv inn adressa manuelt i nettlesaren i staden for å trykkje på lenka.

Underdomener - ein vanleg svindelmetode

Kriminelle nyttar ofte underdomener for å få ei falsk nettside til å sjå ut som ei legitim ei. 

Kva er eit underdomene?
Lenkjer inneheld ofte eit eller fleire underdomener, mange nyttar www som underdomene, men det kan også vera noko heilt anna eller utelatt fullstendig.

Eksempel:
🔹 https://bank.dnb.no → Ekte (dnb.no er hovuddomenet, bank er underdomenet) 
🔹 bank.dnb.no.sikkerhet.com → Falsk! (hovuddomenet er eigentleg “sikkerhet.com”)

Korleis unngå å bli lurt?

  1. Sjå på det siste ordet før “.no”, “.com” eller “.org” – det er hovuddomenet.
  2. Om hovuddomenet ser ukjend ut, bør du ikkje klikka.
  3. Store selskap brukar sikre og offisielle domener, ikkje lange adresser med mange punktum.

Tips! Ikkje trykk på lange lenkjer med ukjente underdomener.

Søkeveg - Kvar i nettsida førar lenkja deg?

Etter hovudadressa til ei nettside kjem ofte ein søkeveg, som viser til ein spesifikk del av nettsida. Søkevegen startar med ein skråstrek ( / ).

Eksempel:
🔹 www.vossfiber.no/kundeservice → Tar deg direkte til kundeservice-sida.
🔹 www.vossfiber.no/tilbod/internett → Viser ein spesifikk tilbodsside.

Kvifor er dette viktig?
🔹 Svindelsider kan ha lange og forvirrande søkevegar for å lure deg.
🔹 Ein ekte nettbank vil ha ein oversiktleg søkeveg, medan ein falsk versjon kan ha noko rart på slutten, som /innlogging-sikkerhet-bekreftelse.

Tips: Les heile lenka nøye før du klikkar, særleg om ho kjem via e-post eller melding.

Skjulte feller – forkorta lenkjer

Lenker kan også vere forkorta, t.d. bit.ly/tilbod, slike kjelder kan gøyma skumle sider. I slike tilfeller kan ein nytta nett-tenester som “URL-expander” for å sjå kvar lenkja faktisk fører deg.

Ver ekstra forsiktig dersom nettsida ber deg om å oppgje konfidensiell informasjon. Aller helst anbefala me deg at du unngå å klikke på forkorta lenkjer frå ukjende og upålitelege kjelder. 

Ver kritisk - dobbeltsjekk før du klikkar

🔹 Får du ei uventa melding med ei lenkje? Ve skeptisk!
🔹 Ser nettadressa rar ut? Søk opp sida manuelt.
🔹 Brukar du nettbank eller nettbutikk? Sjekk at adressa startar med https://.

🔹Framleis i tvil? Spør ein ven eller vent med å trykka på noko, dersom det er nokon som verkeleg prøver å nå deg vil du truleg også bli kontakta igjen. 

Ved å følgje desse råda kan du surfa tryggare på nett, samt unngå digitale feller!

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.