God jol, og takk for året som har gått!

No som me nærmar oss slutten av året, vil me retta ei stor takk til alle kundane våre. Det betyr mykje for oss å få vera ein del av kvardagen dykkar, og me set stor pris på tilliten de viser oss.

Gjennom året har me arbeida målretta for å forbetra tenestene våre, og me ser fram til å halda fram utviklinga slik at de får stabile og moderne fiberløysingar også i tida som kjem.

Dersom du opplever utfordringar i jola, finn du nyttige råd og løysingar på hjelpesidene våre. Der kan du raskt få hjelp utan å venta i telefonkø.

Me ynskjer alle ei trygg og fredfull jul. Ta godt vare på kvarandre – me gler oss til eit nytt år saman med dykk.

Treng du hjelp?

Hjå Voss Fiber er kundesenteret vårt ope gjennom jola, slik at du alltid kan få hjelp når du treng det. Enten du lurer på noko om abonnement, faktura eller tekniske utfordringar, er me berre ein telefonsamtale eller e-post unna.

I tillegg har me laga ein omfattande hjelpeguide på nettsida vår, der du kan finne svar på dei mest stilte spørsmåla, eller chatte med den svært kunnskapsrike chatboten vår, Odin! Han kan meir enn du trur!

Klikk deg inn på hjelpeguiden eller ta kontakt med oss – me er her for å hjelpe! 

Kontoret er ope ved avtale jolaftan og nyttårsaftan. Kontakt oss på 51 20 81 15

God jol frå alle oss i Voss Fiber!

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.

Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:

Voss

Uvisst!

Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.