Voss Fiber har fått nytt faktureringsselskap

Viktig informasjon til alle våre kundar

Voss Fiber informera om at me har inngått eit samarbeid med Amili by Visma som vårt nye faktureringsselskap.
Dette betyr at frå og med neste faktura som blir sendt ut i juni månad, vil alle våre kundar motta faktura frå Amili.

Viktig: Opprett ny AvtaleGiro og merk deg nytt kontonummer

For å sikra at betalingane går som normalt, er det viktig at alle kundar opprettar ein ny Avtalegiro med Amili og nyttar det nye kontonummeret som står på den komande fakturaen. Dette steget er heilt nødvendig for å unngå eventuelle betalingsproblem. 

Kvifor Amili?

Grunna avvikling av forrige fakturaleverandør vart me nøydde til å sjå oss rundt etter andre leverandøra, slik vart me merksame på Amili by Visma. Dei tilbyr effektive og fleksible løysingar for kredittstyring, fakturadistribusjon, purring og inkasso. Dei kombinera smart teknologi med lang erfaring i faget for å optimalisera alle stega frå utsending av faktura til innbetaling. Dette samarbeidet gjer at Voss Fiber kan tilby endå betre service og oppfølging av våre kundar. 

Slik opprettar du ny AvtaleGiro

For å oppretta ein ny avtalegiro, følg desse stega:

1. Vent på fyrste faktura frå Amili.

2. Logg inn i nettbanken din.

3. Finn fram til AvtaleGiro-funksjonen.

4. Bruk informasjonen frå fakturaen til å oppretta ny AvtaleGiro med Amili sitt kontonummer. 

 

Me set stor pris på at du som kunde hjelper oss med denne overgangen. Har du spørsmål eller treng hjelp med oppretting av Avtalegiro, ta kontakt med oss eller eigen bank. 

 

Takk for samarbeidet, og for at du er kunde hjå oss!

Noko du lura på?

Tidlegare fakturaleverandør (Intrum) sjekkar uidentifiserte utbetalingar løpande, og sender oss oversikt over kva innbetalingar dette gjeld. Slik vil me få kontroll over alle transaksjonar. Dersom summen utliknar mot ny faktura frå Amili vil me overføre denne automatisk slik at du ikkje treng å gjere noko meir. Merk at dersom nyaste faktura held ein høgare sum vil me generere ny faktura til deg på differansen. 

Sidan det no er nytt KID- og kontonummer, vil ikkje eksisterande Avtalegiro vera gjeldande. Du må difor oppretta ny i nettbanken din.

Sjekk at du har aktivert «Ja takk til alle» eller «Alltid eFaktura», i nettbanken din. Om du skulle ha problem, send oss oppdatert personalia. Dersom me skulle sitje på feil personalia vil ikkje systemet få treff på deg i eFaktura registeret. Følgande informasjon må stemme overeins med det du er registrert med i nettbanken; fullt namn (inkludera også mellomnamn), fødselsdato, og e-post adresse. 

Så lenge du har godteke til at bedrifter kan sende deg eFaktura i nettbanken din så skal med rett faktura automatisk kome som eFaktura. Dersom du ikkje ynskjer eFaktura spesifikt frå oss, så må du reservere deg mot dette i nettbanken din. Me får diverre ikkje gjort dette for deg, men om du skulle ha spørsmål eller utfordringar knytt til dette i din personlege nettbank –  ta kontakt med banken din, så kan nok dei hjelpa deg. 

Har du spørsmål? Ta kontakt!
kundesenter@vossfiber.no
51 20 81 15

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.