Voss Fiber som hovudsponsor for NM hopp junior og Norgescupfinalen 2026
Voss Fiber går inn som hovudsponsor for NM hopp junior og Norgescupfinalen for kvinner og menn 2026 i Nye Bavallsbakken.
Meisterskapet vert arrangert 27. februar – 1. mars 2026 og samlar dei beste unge hopparane i landet til nasjonalt meisterskap på Voss.
Arrangementet er eitt av dei største idrettsarrangementa i regionen komande vinter, med om lag 100 deltakarar og 200–300 tilreisande. Med fire renn over tre dagar, bankett og brei mediedekning vert dette ei viktig markering – både sportsleg og for Voss som vinterdestinasjon.
Ein nasjonal arena som er lokalt forankra
Nye Bavallsbakken er i dag den sjette største hoppbakken i Noreg og har sidan 1982 vore vertskap for årlege nasjonale renn. Anlegget er eigd av Voss IL, Bjørgum IL, Ulvik IL og IL Eldar, og vert drive utan økonomisk føremål, med mål om å fremja hoppsport og idrettsaktivitet i regionen.
Arrangementet er tildelt av Norges Skiforbund og vert gjennomført i tett samarbeid med dei lokale idrettslaga. Rundt 60 frivillige skal bidra innan tryggleik, teknisk gjennomføring og publikumsservice – eit sterkt døme på den frivillige krafta som pregar Voss.
Lokal verdiskaping og idrettsglede
For Voss Fiber handlar sponsinga om å bidra til:
idrettsglede og utvikling for ungdom
aktivitet og fellesskap i lokalsamfunnet
lokal verdiskaping for hotell, servering og transport
å styrkja Voss si rolle som vertskap for nasjonale arrangement
– Me ynskjer å vera ein aktiv medspelar i lokalsamfunnet. Når unge utøvarar får konkurrera på nasjonalt nivå her på Voss, er det med på å skapa både stoltheit og framtidstru. Dette vil me støtta, seier Voss Fiber.
S. Ulvund. 2024
Eit meisterskap med grønt fokus
Arrangementet har ein tydeleg miljøprofil, med vekt på kollektivtransport, samkøyring, lokal mat, avfallssortering og digital distribusjon av informasjon.
Med dekning gjennom NRK Sport, regionale aviser og Norges Skiforbund sine kanalar vert meisterskapen også ei nasjonal markering av Voss som arena for idrett, frivilligheit og profesjonell gjennomføring.
Voss Fiber ser fram til å bidra til eit meisterskap som både deltakarar, publikum og lokalsamfunnet kan vera stolte av.
Bestillingskjema
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.
Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:
Voss
Uvisst!
Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.