Ekstremsportveko er ei feiring av fysiske prestasjonar, naturkrefter og grenselaus energi. I kulissane sørgjer Voss Fiber for at alt heng saman – med moderne fibernett, stabile løysingar og lokal tilstadeverelse. Som stolt samarbeidspartnar og digital leverandør leverer me kritisk infrastruktur for både deltakarar, publikum og arrangørar.
Vår bedriftsløysing er skreddarsydd etter Ekstremsportveko sine behov
Festivalnettverk frå A til Å
Fullt utbygd fiberinfrastruktur til festivalområdet
Høgkapasitet for live-strøyming, filoverføring og kommunikasjon
Påliteleg WiFi-dekning til sceneområde, konkurransearena og presse
Gjestenettverk
Administrasjon og kontor
Trygge og raske samband til Veko sitt hovudkontor og organisasjon
Dedikert support før, under og etter festivalen
Integrasjon med moderne kommunikasjonsplattformar
Produksjon og kringkasting
Ekstremt høg båndbreidde til videoavdelinga
Datatransport i nær sanntid til nasjonale og internasjonale mediehus
Skreddarsydde løysingar for redigerings- og produksjonsteamet
SAMARBEID MED LOKAL FORANKRING
Voss Fiber er ein lokal aktør med hjarte for Voss og vestlandsregionen. Gjennom dette samarbeidet med Ekstremsportveko investera me ikkje berre i teknologi, men i menneske, møteplassar og verdiane som skapar framtida vår. Me er til stades – både digitalt og fysisk.
BAK KULISSANE
SLIK VERT FESTIVALNETTVERKET TIL
Sjå video frå korleis me riggar til nettet i festivalteltet
Voss Fiber sørgjer for fiberinfrastruktur direkte til festivalområdet. Dette gir lynraske og stabile samband som tåler alt frå live-sendingar og store filoverføringar, til heile Veko-organisasjonen sin interne kommunikasjon.
Uansett om du står på scena, jobbar i presseområdet eller deltek på konkurransearenaen – du skal ha påliteleg dekning og fart. Me integrerer festivalnettverket med moderne kommunikasjonsplattformar, slik at alle ledd av organisasjonen kan jobba sømlaust.
Bli med på årets festival du også!
Er di verksemd klar for framtidas nett?
Er di bedrift nysgjerrig på våre bedriftstenester? Kontakt oss i dag så vil me saman finna den beste løysinga for deg og di verksemd.