Har du opplevd at Netflix plutseleg byrjar å laste, videosamtalen frys eller at du mister nettet akkurat når du skal senda ein viktig e-post? Då er du ikkje åleine! Mange slit med ustabilt WiFi – men visste du at det ofte er små ting heime hjå deg som lagar trøbbel?
Vår eigen kunderådgjevar Ingvar har vore ute hjå mange kundar på Voss og omegn, og han ser dei same feila som går igjen. Her kjem dei vanlegaste WiFi-feila – og kva du kan gjera med dei!
Til dagleg finn du Ingvar på vårt lokale kundesenter på Tvildemoen. Der tek han imot alle slags henvendingar frå kundar – alt frå bestilling til teknisk feilsøking.
– «Ruter i metallskap er som å ha høgtalar inne i ei pute», seier Ingvar.
WiFi-signala treng fri sikt – Når ruteren står gjøymd i eit skap, bak TV eller inne i sikringsskapet, vert signala blokkert. Resultatet er dårleg dekning og frustrerte brukarar.
Ingvar sitt tips:
Plasser ruteren høgt oppe, fritt og sentralt i bustaden. Helst ikkje bak møblar eller inne i skap.
Teknologien utviklar seg raskt, og ein eldre router heng truleg ikkje med i tida. Dersom du har gått til innkjøp av eigen router utanom det utstyret me levera, så er du også sjølv ansvarleg for at denne er oppdatert til dagens WiFi standard.
– «Ruteren du kjøpte i 2016 slit kanskje med å levera fart og dekning i 2025», forklarar Ingvar.
Ein eldre ruter støttar kanskje ikkje dei nyaste WiFi-standardane, som WiFi 6, og klarar ikkje å gje deg den farten fiberlinja di eigentleg tilbyr.
Ingvar sitt tips:
Ta kontakt med oss og sjekk om du har oppdatert utstyr. Me kan hjelpa deg med moderne løysingar tilpassa din bustad.
Har du smarthøgtalarar, robotstøvsugar, babycall, nettbrett, TV og mobilar – alt på same nett?
– «For mange einingar på feil frekvensband kan skapa kø og kluss», seier Ingvar.
Nyare ruterar har to band: 2.4 GHz og 5 GHz. Den eine har lengre rekkevidde, den andre høgare fart. Å bruka dei riktig gjev betre flyt.
Ingvar sitt tips:
La einingar som treng høg fart (som TV og PC) bruka 5 GHz-bandet, medan smart-einingar (som robotstøvsugar eller termostat) bør liggja på 2.4 GHz. Opprett eit gjestenettverk på 2,4 GHz-frekvensen og få alt av smarthus-einingar over på dette bandet. Er du i tvil, så ta kontakt, så hjelper me deg gjerne med oppsettet.
Har du store eller langstrekte hus, eller kanskje fleire etasjar? Då er det ikkje sikkert at ein router er nok til å dekkja heile bustaden.
For kvar dag som går vert det ei auking av internett-bruk i heimen. Då fleire og fleire einingar koplar seg til trådlaust kjem også eit auke i behov for betre rekkevidde og meir bandbreidde. Me levera som standard ein ruter med innebygd WiFi, men den er ofte ikkje nok til å dekke eit heilt hus eller ein stor familie og dens forbruk. Skal ein få maks ut av fiberlinja anbefala me å investere i forsterkarar som sikrar betre rekkevidde og meir kraft. Bruken av nettverk endrar seg heile tida. Folk ligg å ser på iPad og telefonar og streamer HD/4K i alle krokar i huset. Skal kunden ha det som moglegheit må ein også investere i betre WiFi. Eg vil alltid anbefala å bestilla Premium WiFi ifrå oss, då får ein ei mesh-løysing der alle routera kommunisera ilag, slik at du automatisk vert kopla til den routeren du er nærast uansett kvar i bustaden du bevega deg.
Alle hus er også bygd opp forskjellig, for eksempel har nokon tømraveggar, nokon har betong, og andre vanlege treveggar. Eit modem vil dekke eit visst område, men alle veggar er med på å «blokkere» signalet på forskjellige nivå. For eksempel vil også fliser eller vannboren varme vere med på å blokkere signal, spesielt er vannboren varme med på å reflektere signalet som blir sendt ut, og dermed ikkje gå vidare til for eksempel etasjen over eller under.
– «I gamle murhus eller store einebustadar kjem ikkje signala gjennom tjukke veggar», påpeikar Ingvar.
Ingvar sitt tips:
Vurder å installera eit mesh-nettverk – fleire små einingar som samarbeider for å gi deg jamn og god dekning over heile huset. Me tilbyr mesh-løysingar tilpassa både små og store bustadar.
Du trur kanskje det ikkje gjer noko at den gamle iPaden frå 2013 ligg i nattbordsskuffa? Men det kan faktisk vera ein stor del av problemet.
– «Me har sett tilfelle der éin gammal dings har surra til nettet i heile huset», fortel Ingvar.
Eldre einingar som ikkje støttar moderne wifi-standardar, kan skapa trøbbel for dei andre einingane i nettet. Dei kan knyta seg til nettverket automatisk, og krevja mykje frå ruteren – utan at dei faktisk blir brukte til noko nyttig.
Ingvar sitt tips:
Skru heilt av gamle einingar du ikkje brukar, eller få dei vekk frå nettet. Sjekk også innstillingane på ruteren for å sjå kva som er kopla til – og fjern alt du ikkje kjenner igjen. Me hjelper deg gjerne med å rydda opp!
WiFi handlar ikkje berre om fart frå fiber – det handlar også om korleis du brukar nettet i heimen. Med enkle grep kan du få ein mykje betre kvardag på net!
Kontakt oss – så tek Ingvar eller ein av våre andre rådgjevarar gjerne ein prat om ditt oppsett.
© Alle rettar reservert Voss Fiber 2025 | Web Maota AS