Skal du flytte til ei ny adresse? Her er kva du treng å vite for å flytte internett- og TV-abonnementet ditt frå Voss Fiber til den nye bustaden.
Før du kan flytte abonnementet ditt, er det viktig å sjekke om Voss Fiber kan levere tenester til den nye adressa di. Du kan enkelt gjere dette ved å bruke dekningssjekken vår på framsida eller kontakte kundeservice. Dersom me kan levere, vil du kunne ta med deg abonnementet ditt til den nye bustaden.
Me anbefaler at du melder frå om flytting minst 14 dagar før flyttedatoen for å sikre ei smidig overføring. Du kan melde frå om flytting på fleire måtar:
Du må oppgi den nye adressa og flyttedatoen din, slik at me kan opprette tenester på den nye staden i tide.
Dersom me kan levere tenester til den nye adressa di, vil abonnementet ditt bli flytta. Me opprettar tenestene på ny adresse på den datoen du har oppgitt, slik at du kan vere online straks du er på plass.
Dersom me ikkje kan levere på den nye adressa, vil du ha følgande alternativ:
For flytting av abonnement til ny adresse kan det påløpe eit etableringsgebyr. Kontakt oss for å høyre kva som gjeld for deg.
Dersom du har bindingstid på abonnementet ditt, men flyttar til ei adresse der Voss Fiber ikkje kan levere, vil me jobbe saman med deg for å finne ei løysing. Ta kontakt med oss for å sjekke kva som gjeld for ditt abonnement.
Ved flytting treng du kun å ta med deg TV-dekoder, så lenge Voss Fiber kan levere til den nye adressa. Dersom me ikkje kan levere til den nye adressa, må alt utstyret returnerast til oss. Du kan returnere utstyret ved å sende det til:
Voss Fiber AS
Regimentsvegen 5
5705 Voss
Hugs at det kan påløpe gebyr dersom utstyret ikkje blir returnert innan oppgitt frist.
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
Om du ønsker å oppgradere eller nedgradere internett- eller TV-abonnementet ditt, er det enkelt å gjere dette. Her forklarer me korleis du kan endre abonnementet ditt, kva det inneber, kostnadar og kor lang tid det tek før endringa trer i kraft.
Du kan enkelt oppgradere eller nedgradere abonnementet ditt ved å kontakte oss på ein av dei følgande måtane:
Oppgraderinga/nedgradering av abonnement vil normalt sett tre i kraft med ei gong me får behandla saka. Det vil seia at det kan variera ut i frå kva metode du tek kontakt med oss. På telefon vil me kunne gjere det innan få minuttar, medan det kan gå litt lengre tid via e-post/kontaktskjema
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
Skal du flytte eller av ein annan grunn overføre abonnementet ditt til ein annan person? Her er kva du treng å vite om å endre eigar på abonnementet ditt frå Voss Fiber.
Å endre eigar er enkelt, og du kan gjere det ved å følgje desse stega:
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
Ønsker du å avslutte internett- eller TV-abonnementet ditt frå Voss Fiber? Her er kva du må vite om prosessen for oppseiing.
Du kan avslutte abonnementet ditt på ein enkel måte ved å følgje desse stega:
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.