Denne artikkelen gir deg ei fullstendig oversikt over faktura, frå korleis du les ho, til kva du kan gjere dersom noko ikkje stemmer. Vi forklarar betalingsmetodar, viktige datoar, og korleis du kan få hjelp med spørsmål eller feil. Målet vårt er å gjere fakturaprosessen enklare for nettopp deg!
Fakturaforklaring | Fakturakopi | eFaktura | AvtaleGiro | EHF | Fakturaadresse | Inkasso | FAQ
Fakturaen din inneheld viktig informasjon som fakturanummer, forfallsdato og beløp du skal betale. I tillegg finn du detaljar om tenestene eller produkta du abonnerer på.
Øvst på fakturaen finn du fakturanummer, kundenummer og fakturadato. Midt på fakturaen ser du eit totalbeløp, både med og utan meirverdiavgift. Nedst finn du betalingsinformasjon som KID-nummer, fortallsdato og kontonummer. Spesifikasjon av kjøpte tenester og produkt vil du finne på side 2, her vil det også vera spesifisert kva periode det gjeld for. Dersom du treng ei fakturakopi, kan du laste ho ned frå «Mi side».
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
Treng du ei kopi av fakturaen din? På «Mi side» kan du enkelt finne og laste ned tidlegare fakturaer. Dette gjer det enkelt å halde oversikt over betalingane dine.
Logg inn på «Mi side» med brukarnamn og passord. Under seksjonen «Fakturaer» finn du ein oversikt over alle tidlegare utsende fakturaer. Du kan laste ned fakturaene som PDF-filer til dine eigne arkiv. Dette er nyttig om du ønskjer ei kopi for din eigen oversikt eller til bokføring.
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
eFaktura gjer det enkelt å motta og betale rekningar direkte i nettbanken din. Når du vel eFaktura, vil fakturaen automatisk dukke opp i banken din, og du slepp å taste inn betalingsinformasjon. Du treng kun å godkjenne fakturaen med eit tasteklikk!
eFaktura er ei digital teneste som gjer fakturabetalinga enkel og trygg. For å opprette eFaktura, må du godkjenne eFaktura i din nettbank, ta kontakt med banken din for hjelp med dette. Kvar månad vil du vidare få fakturaen opp i nettbanken og deretter må du godkjenne denne for at den skal bli trekt ved forfallsdato. Du vil også få eit varsel når eFaktura ligg tilgjengeleg i nettbanken, dette kan bli tilsendt på forskjellege måtar, for eksempel i post eller som ein e-post.
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
Med Avtalegiro blir rekningane dine automatisk trekt frå kontoen din på forfallsdato. Dette sparar deg for tid og sikrar at rekningane blir betalte i tide.
For å opprette Avtalegiro, må du inngå ein avtale med banken din. Du kan kombinere Avtalegiro med eFaktura, slik at du både får fakturaen i nettbanken og betalinga skjer automatisk.
For å opprette Avtalegiro har du to enkle alternativ:
Avtalegiro gjer at du slepp å bekymre deg for å hugse forfallsdatoar – beløpet blir automatisk trekt frå kontoen din i tide.
Du kan også sette inn eit maksbeløp på AvtaleGiro, slik at dersom AvtaleGiroen overstiger ein viss sum, så vil ikkje fakturaen bli betalt.
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
EHF står for Elektronisk Handelsformat, og det er ei digital form for faktura som blir sendt direkte mellom bedrifter og offentlege etatar. Kort sagt, det gjer fakturahandteringa mykje enklare og meir effektiv sidan alt går automatisk mellom systema, utan behov for papir eller manuell behandling.
EHF er spesielt nyttig for bedrifter som vil sikre at fakturaene deira blir behandla raskt og korrekt. I staden for å sende fakturaer som e-post eller på papir, går EHF-fakturaer rett frå vårt system til rekneskapssystemet til mottakaren. Dette minimerer risikoen for feil og sikrar at fakturaen blir registrert og betalt til rett tid. EHF-fakturaer er òg i samsvar med både norske og europeiske standardar for elektronisk fakturering, noko som gjer det til ei trygg og påliteleg løysing for bedrifter.
Korleis opprette EHF?
For å kunne motta og sende EHF-fakturaer må bedrifta di vere registrert med eit organisasjonsnummer, og dette nummeret må vere oppført i ELMA-registeret (Elektronisk mottakaradresseregister). ELMA er eit nasjonalt register som sikrar at fakturaene blir sendt til rett bedrift.
For å opprette EHF-faktura:
Når dette er på plass, vil framtidige fakturaer automatisk bli sendt som EHF til dei rette mottakarane utan at du treng å gjere noko meir. Dette sparer deg for tid og gjer fakturahandteringa meir effektiv.
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
Dersom du har flytta eller verksemda di har endra adresse, er det viktig å oppdatere fakturaadressa slik at fakturaene blir sende rett.
Du kan sjekke om Voss Fiber har oppdatert fakturainformasjon om deg på «Mi side». Gå til seksjonen «Min profil» og klikk på «Vis». Dersom du ser noko som er feil må du kontakte kundesenteret for hjelp til å oppdatere informasjonen. Dersom fakturaen di blir sende til feil adresse, kan det føre til forseinka betaling eller at fakturaen ikkje når deg.
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
Kva skjer om fakturaen går til inkasso? Dersom fakturaen ikkje blir betalt innan forfallsdato, vil saka bli sendt til inkasso via vår fakturaleverandør, Amili. Dette kan føre til ekstra gebyr og renter.
Når fakturaen ikkje blir betalt innan fristen, sender vi først ei purring på SMS, deretter ei 2. purring/inkassovarsel. Dersom betalinga framleis uteblir, vil saka bli overført til Inkasso hjå Amili, som handterer inkassoprosessen. Inkassokrav vil då bli sendt til deg med informasjon om korleis du kan gjere opp kravet. Merk at inkassosaker kan føre til ytterlegare kostnadar.
Om du ikkje betalar inkassosaka innan fristen som er gitt av Amili, kan me til slutt stenge abonnementet ditt. Tenesta vil bli stengt til heile det uteståande beløpet er betalt, samt alle andre uteståande faktura, også dei som ikkje har gått til inkasso. Du kan unngå dette ved å betale betalingsoppfordringa innan forfall.
Denne hjelpeteksten blei sist oppdatert 24. oktober 2025
Var denne hjelpeartikkelen nyttig for deg?
På «Mi side» kan du enkelt finne og laste ned tidlegare fakturaer. Dette gjer det enkelt å halde oversikt over betalingane dine. Logg inn på «Mi side» med brukarnamn og passord. Under seksjonen «Faktura» finn du ein oversikt over alle tidlegare utsende fakturaer. Du kan laste ned fakturaene som PDF-filer til dine eigne arkiv. Dette er nyttig om du ønskjer ei kopi for din eigen oversikt eller til bokføring.
Me tilbyr fleire måtar å motta faktura på, slik at du kan velje den som passar deg best.
Feil e-postadresse eller postadresse: Fakturaen kan ha blitt sendt til ei feil registrert e-postadresse eller postadresse. Sjekk at kontaktinformasjonen din er oppdatert i systemet vårt.
E-post i søppelpost: Dersom du mottek faktura via e-post, kan den ha blitt markert som søppelpost eller spam. Sjekk søppelpostmappa di for å sjå om fakturaen ligg der.
Fakturaen er forsinka: Av og til kan det oppstå forsinkingar i utsendinga av fakturaer. Dette kan vere grunna tekniske problem eller høgt volum på utsendingstidspunktet.
Fakturering ikkje fullført: Fakturaen din kan ikkje vere generert enno, spesielt om du er i starten av ein faktureringsperiode. Vent nokre dagar og sjekk igjen.
EHF eller eFaktura-problem: For dei som bruker EHF eller eFaktura, kan det oppstå tekniske feil i leveransen til økonomisystemet ditt eller nettbanken.
Avtale om elektronisk faktura ikkje aktivert: Dersom du nyleg har oppretta avtale om eFaktura eller AvtaleGiro, kan det hende at denne ikkje har blitt aktivert før den siste fakturaen blei sendt ut. Sjekk med banken din for å bekrefte at avtalen er aktiv.
I enkelte tilfelle kan vi tilby å utsette betalingsfristen, men dette blir vurdert for kvar enkelt faktura. Vi kan dessverre ikkje sette ein fast ny forfallsdato utover den som allereie er oppgitt på fakturaen. Ta kontakt med kundeservice for å sjå om det er mogleg å få utsetjing på din faktura.
Dersom du oppdagar ein feil på fakturaen din, som feil beløp eller ein teneste du ikkje kjener til, kan du kontakte kundeservice for å undersøke kva dette er. Sørg for å ha fakturanummeret klart når du tar kontakt, slik at vi kan sjå nærare på saka.
Om linja di er stengt lyt du betale alle uteståande inkassosaker og faktura som har forfalle, også dei som ikkje er gått til inkasso.
Merk også at det kan ta nokre dagar før betalinga blir registrert. Dersom det har gått meir enn 2-3 virkedagar utan at kontoen din er opna igjen, ta kontakt med kundesenteret for å undersøkje saka vidare.
Dersom du har AvtaleGiro, men fakturaen ikkje har blitt betalt, kan det skuldast at fakturabeløpet overstig maksbeløpet du har satt for AvtaleGiro. Når ein faktura er høgare enn det fastsette maksbeløpet, vil ikkje betalingen gå gjennom automatisk. I slike tilfelle må du betale fakturaen manuelt. Sjekk maksbeløpet ditt i nettbanken, og vurder om du vil justere det for framtidige betalingar.
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.