I desse dagar kjem WiFi-modem og ruterar med ein ny type WiFi-teknologi som heiter WiFi6. Dette gir blant anna høgare hastigheit på breiband i nærheten av modemet. Dessverre er dei fleste einingar ikkje kompatible med WiFi6 endå, og dette kan i nokre tilfelle by på ustabilt nett. Dette blir forårsaka av at t.d. mobiltelefonar ikkje greier å velje bort WiFi6 og mistar nettforbindelsen.
I samband med dette kjem også WiFi6 med høgare sikkerheit – som blir kalla for WPA3. Her kan mange også opplever samme problematikken som med WiFi6 – at eldre einingar ikkje har støtte for det. Dette er heldigvis enkelt for oss å justere på, og det reduserer ikkje WiFi-kvaliteten når me gjer desse endringane. Kort fortalt gjer me det enklare for einingane og nettverket ditt å snakka saman. Me kan derfor slå av både WiFi6 og WPA3 på nettet ditt, slik at du ikkje bil bli berørt av at einingane dine mister nett.
Du kan sjølvsagt også gjere dette sjølv ved å logge på modemet ditt:
- Koble til datamaskina di til WiFi-nettverket
- Opne ein nettlesar
- Om du skal endre innstillingane på aksesspunktet ditt må du gå via IP-adressa aksesspunktet har – om du skal endre på modem – skriv inn 192.168.1.1 i adressefeltet
- Skriv inn brukarnavn (admin) og ditt unike passord (login password) – står på bakside av modemet/aksesspunktet
- Gå til hamburermenyen i høgre hjørne og velg Network Setting > Wireless.
- På side som kjem opp – bla ned til “Security level” og “Security mode” og velg “WPA2-PSK”.
- Klikk på “Apply” nedst på skjermen – no vil sida laste ei lita stund
- For å slå av WiFi6 – gå til fana som heiter “Others” og gå til “802.11. Mode” og velg “802.111b/g/n Mixed”
- Klikk på “Apply” nedst på skjermen igjen. Når sida har lasta ferdig er innstillingane lagra!