eFaktura

Kva er eFaktura?

Med eFaktura får du rekninga digitalt direkte i nettbanken din – ferdig utfylt med beløp, forfallsdato og KID-nummer. Det gir deg god oversikt, enklare betaling og du slepp papir i posten eller PDF på e-post. Fakturaen inneheld all informasjonen du treng, og du terng berre å godkjenne ho med eitt klikk – eller kombinere med AvtaleGiro for at ho blir betalt heilt automatisk.

Slik fungerer det: 

  • Du får rekninga digitalt i nettbanken

  • Alle felt er ferdig utfylt – du treng berre godkjenne betalinga

  • Du kan sjå, laste ned og skrive ut fakturaene når som helst

Opprett eFaktura

For å få eFaktura frå oss – og andre leverandørar – treng du berre å aktivere ei innstilling i nettbanken din. Når du har gjort det, blir du automatisk registrert for eFaktura hos alle bedrifter som tilbyr det. Du treng altså ikkje inngå ein eFaktura-avtale med kvar enkelt.

Namner for denne funksjonen er forskjellig frå bank til bank, men uansett namn – funksjonen verkar likt:
Du seier ja til å motta eFaktura frå alle som støttar det, så snart dei sender deg ei faktura.

  • Logg inn i nettbanken din
  • Finn fram innstillingar for eFaktura i menyen (varierar frå bank til bank)
  • Aktiver eFaktura

Kombinere eFaktura og AvtaleGiro

Du kan gjerne bruke både AvtaleGiro og eFaktura saman for å få ein sømlaus og miljøvennleg betalingsløysing. Då får du rekninga tilsendt digitalt i nettbanken (eFaktura), og beløpet blir betalt automatisk frå kontoen din (AvtaleGiro) – utan at du treng å gjere noko.

Det betyr at:

  • Du slepp å hugse forfallsdatoar og registrere betaling manuelt

  • Banken sørger for at fakturaen blir betalt i tide

  • Du har full oversikt over rekningane i nettbanken, og kan laste dei ned eller skrive dei ut om du vil

  • Du kan endre forfallsdato, beløp og belastningskonto – eller stoppe ei betaling viss det trengst

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.