Ynskjer du å overføre abonnementet ditt til ein annan person? Det kan vere aktuelt ved dødsfall, flytting, sal av bustad, eller dersom ein annan i husstanden skal stå som juridisk eigar. Å skifte eigar av eit abonnement hjå Voss Fiber er enkelt, men må gjerast skriftleg.
Dette betyr at du overfører abonnementet ditt til ein annan person, som blir den nye juridiske eigaren av avtalen med Voss Fiber. Den nye eigaren vil då vere ansvarleg for betalingar, og alle tenester knytt til abonnementet blir overført til denne personen.
Slik gjer du
1. Fyll ut kontaktskjema
Gå til kontaktskjemaet vårt og legg inn navn på noverande og ny eigar, adressa abonnementet gjeld for, og dato for eigarskiftet.
2. Me bekreftar endringa
Kundesenteret på Voss Fiber vil bekrefte eigarsskiftet så snart me har det me treng.
NB! Dersom du ynskjer å overføre abonnement til nokon annan må me også få ei skriftleg stadfesting frå den nye eigaren også. Legg vedkomande på kopi av e-post eller be hen sende inn ei eiga melding til oss.
3. Eigarskiftet vert gjennomført
Når alt er klart, blir eigarskiftet registrert hjå oss til avtalt dato
Du kan endre eigar sjølv om det er bindingstid. Den nye eigaren overtek då både abonnementet og det som gjenstår av bindinga.
Bestillingskjema
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.
Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:
Voss
Uvisst!
Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.