Hastigheitstest

Test internett-hastigheita di

Med ein hastigheitstest kan du enkelt sjå kva nedlastings- og opplastingshastigheit du har akkurat no. Dette kan vere nyttig om du opplever treigt internett, eller berre vil sjekke at alt fungerer som det skal.

Før du testar - få eit rett bilete av hastigheita

For å få så nøyaktig resultat som mogleg, anbefalar me at du gjer nokre grep først: 

Kva viser testen?

Download

Dette viser kor raskt du kan hente ut data frå internett til eininga di. Jo høgare talet er, jo raskara vil ting laste inn. Nedlastingsfarten blir målt i megabit per sekund (mbps eller mbit/s). 

Upload

Opplastinga viser kor raskt du kan sende data frå eininga di til interett. Høg opplastingsfart gjer at ting du sender går fort og at bilete/video ikkje hakar. Også denne blir målt i mbps. For mange er ikkje opplasting like viktig som nedlasting, men viss du har heimekontor eller driv med gaming, er det ekstra nyttig.

Ping

Ping viser kor lang tid det tar frå signalet å få frå deg til internett og tilbake igjen. Resultatet vert mål i millisekund (ms) – dvs tusendel av eit sekund. Jo lågare tal, jo raskare respons. 

Ein kan fort merke at denne er høg/låg når du gjer ting i “sanntid”, som å spele online eller å ha samtalar over nett – feks Teamsmøter. 

Jitter

Jitter målar kor mykje ping-tida varierer – altså om nettet ditt held seg stabilt, eller svingar opp og ned i fart. Låg jitter = stabilt og forutsigbart nett, medan høg jitter = hakking i videomøter eller ustabilt nett i spel

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.

Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:

Voss

Uvisst!

Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.