I kvardagen endrar behova seg – kanskje har de blitt fleire i husstanden, starta med heimekontor, eller fått tenåringar som brukar meir internett enn før? Eller kanskje du oppdagar at du har meir fart enn du treng, og vil ned i pris? Uansett årsak – det er enkelt å endre hastigheita på internett-abonnementet ditt hos oss!
Kva vil det seie å oppgradere eller nedgradere?
Å oppgradere betyr at du får høgare fart på internettet ditt. Det kan vere lurt viss du opplever treigt nett, streaming som stoppar opp, eller om fleire brukar nettet samtidig.
Å nedgradere betyr at du vel ei lågare fart, som oftast til ein rimelegare månadspris. Det passar for deg som ikkje brukar nettet så mykje, eller berre til enkle ting som å lese nyheiter og sende e-post.
Slik gjer du det
For å oppgradere eller nedgradere abonnementet ditt kan du ringe oss på 51208115 eller sende oss ein e-post via kontaktskjemaet vårt.
Så lenge du kontaktar oss innan åpningstidene våre, tek det ikkje mange minuttane før me har ordna det.
Obs! Dersom du har ei pakke med internett og TV samla i eitt abonnement, har du kanskje ein fast pakkepris som gjer at nedgradering av internett-hastigheita ikkje vil gi deg ein lågare månadspris.
Bestillingskjema
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.
Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:
Voss
Uvisst!
Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.