Du får ein gitt mengde poeng inkludert i ditt TV-abonnement, med desse poenga kan du velje kva kanalar og strøymetenester du vil sjå på. Sett vekk i frå det som er inkludert i pakka di så “kostar” kvar kanal eller strøymeteneste poeng, og du kan velge inn så mange du ynskjer – til du når din inkluderte poengsum. Du kan også byte om på vala dine så ofte du berre vil!
Via Telia Play Box/Telia Box
Gå til Heim-skjermen på din Telia Box
Trykk til venstre og inn i menyen
Bla ned til “Valgmenyen” og trykk på “OK”
Fjern dei kanalane eller strømmetenestene du ikkje lengre ynskjer
Vel inn dei kanalane eller strømmetenestene du ynskjer
Hugs å “Bekreft valg” før du går ut
Via Web
Logg inn på “Mi side” på vossfiber.no
Trykk på “Rediger Telia-produkter”
Legg deretter inn mobilnummer i vindauga som kjem opp
Fyrste gong du loggar inn må du bekrefte identitet med BankID, så tast inn fødselsnummer
Godkjenn med BankID og skriv inn personleg passord
Skriv inn eingongskode du mottek på SMS
Set personleg passord for Telia Play
Fjern dei kanalane eller strømmetenestene du ikkje lengre ynskjer
Vel inn dei kanalane eller strømmetenestene du ynskjer
Hugs å “Bekreft valg” før du går ut
Enkelte strømmetenester krev aktivering/registrerting – følg instruks og QR-kode på skjermen
Bytt innhald så ofte du vil
Når du har valgt inn dine strømmetenester og kanalar er du ikkje låst til desse. Du kan enkelte velge ut det du har, og velge inn noko anna. Viss du feks fjernar ei strømmeteneste som kostar 30 poeng, så har du no 30 poeng tilgjengeleg igjen, som du kan bruka på eit eller fleire nye valg, som til saman koster 30 poeng. Endringen skjer umiddelbart, så du kan sjå på innhaldet så fort du har byta.
Vil du ha meir innhald?
Det er ikkje slik at poenga “blir brukt opp”. Viss du velger ut ein kanal eller strømmeteneste, så har du desse poenga tilgjengeleg igjen. Men, viss du for eksempel vil sjå på Netflix samtidig som noen andre i familien ser på Max – kan du kjøpe ekstra poeng hjå oss for å ha begge strømmetenestene tilgjengeleg samtidig.
Bestillingskjema
Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.
Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:
Voss
Uvisst!
Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.