Ustabilt nett

Feilsøking av ustabilt nettverk

Dette er den enklaste og raskaste løysinga på mange nettverksproblem. Å slå av ruteren i 30 sekund før du skrur den på igjen tvingar den til å etablere ei ny tilkopling til internettet. Dette kan også løyse eventuelle midlertidige feil i nettverket.

Koble ein PC direkte til ruteren med nettverkskabel. Fungerer nettet då stabilt, er det sannsynlegvis WiFi som er problemet, ikkje sjølve internettforbindelsen. 

WiFi-signalet svekkast av veggar, møblar og elektriske apparat. Plasser ruteren ope og sentralt i bustaden, helst høgt oppe, for å få best mogleg dekning. Unngå å sette den inne i eit skap eller bak store møblar. 

Andre trådlause einingar kan forstyrre WiFi-signalet, spesielt mikrobølgeomnar, babycall, Bluetooth-enheter og gamle trådlause telefonar. Om du opplever ustabilitet, kan det hjelpe å flytte ruteren vekk frå slike einingar eller slå av trådlause einingar som ikkje er i bruk.

Dersom du bur i eit område med mange andre trådlause nettverk (t.d. i ein blokk), kan dei konkurrere om dei same WiFi-kanalane. Du kan bytte kanal i ruteren sine innstillingar for å redusere forstyrringar og få eit meir stabilt signal.

Mange ruterar får programvareoppdateringar som kan rette feil og forbetre stabiliteten. Sjekk om ruteren din har ein oppdatering tilgjengeleg ved å logge inn på administrasjonspanelet – eller høyr med oss om andre alternativ. 

Om du har aksesspunkt levert frå oss har me jamnlege automatiske oppdaterinar for å sikre stabilitet, sikkerheit og best mogleg yting. 

Dersom nettet fungerer fint på andre enheter, men ikkje på ein spesifikk telefon eller PC, kan problemet ligge i den eine eininga. Prøv å restarte den, oppdatere programvare eller koble til eit anna nettverk for å sjå om feilen vedvarer.

Kabla internett gir alltid meir stabilitet enn WiFi. Dersom du har ein PC, spelkonsoll eller ein TV som krev ein stabil tilkopling, anbefalar me å bruke nettverkskabel der det er mogleg. Dette gir betre hastigheit og unngår trådlause forstyrringar.

Om du har ustabilt WiFi-signal i enkelte rom, kan eit mesh-nettverk eller ein WiFi-forsterkar vere ei god løysing. Eit mesh-nettverk gir ein meir sømlaus oppleving, medan ein forsterkar kun utvidar signalet frå ruteren. Kva som passar best, avheng av bustaden din.

Nokre gonger ligg feilen utanfor heimen din, for eksempel ved feil på nettet i ditt område. Sjekk driftsmeldingane våre HER for å sjå om det er kjende feil, eller meld inn sak om du trur det er ei større driftssak.

Dersom det ikkje er nokon kjende feil – ta kontakt med kundeservice for vidare hjelp.

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.

Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:

Voss

Uvisst!

Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.