Skal du flytta?

Når du skal flytta til ein ny bustad, er det lurt å ha oversikt over kva som må gjerast med ditt noverande breibandsabonnement. Me hjelper deg slik at overgangen vert så smidig som mogleg – både for deg og dei som flyttar inn etter deg.

Som hovudregel skal modemet som høyrer til fiberen vår stå att i bustaden du flyttar frå. Det gjer at den nye bebuaren raskt kan ta tenesta i bruk. 

Slik gjer du det enkelt for både deg og neste som flyttar inn – sjekk om me kan levera på den nye adressa di i dag!

Bestill breiband til ny adresse på førehand

Me hjelper deg å ha breibandet på plass når du flyttar inn. Bestill så snart som råd – så ordnar me oppkopling og installasjon på ny adresse. Slik slepp du også oppseiingstid på den avtalen du allereie har hos oss, og me sørgjer for at overgangen vert både saumlaus og så enkel som mogleg for deg. 

Sjekk om me kan levera til den nye adressa di

Sjekk om eg kan få fiber

Skal nokon overta bustaden din?

Dersom ein ny eigar tek over bustaden du flyttar frå, kan me enkelt overføra avtalen vidare. Då slepp du oppseiingstid, og me ordnar alt det praktiske for deg. Legg inn kontaktinformasjon til ny bebuar i oppseiingsskjema under, så ordnar me resten. 

Sei opp eksisterande avtale

Kan me ikkje levera til di nye adresse?

Meld oppseiing på adressa du har fiber i dag. 

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.

Addressesøket gav fylgande treff i Google maps:

Voss

Uvisst!

Sjekk adresse-feltet igjen, trykk gjerne på forslaget som kjem opp, eller ta kontakt så sjekker me for deg.