Premium WiFi

Steg for steg vegleiing for korleis du enkelt set opp ditt eige trådlause Zyxel Mesh-nettverk. 

Slik set du enkelt opp ditt trådlause Premium WiFi

Eit mesh-nettverk har store fordelar ved at det ikkje treng separate nettverk for ulike soner, slik ein ofte ser med tradisjonelle forsterkarar. I eit mesh-nettverk samarbeider aksesspunkta, og skaper eit einaste, saumlaust nettverk der du kan bevega deg utan at tilkoplinga vert broten. Dette gjev stabil og jamn dekning i heile huset, ettersom aksesspunkta kommuniserer med kvarandre og optimaliserer signalstyrken automatisk etter kvar du er.

Følg stega under dersom du skal setja opp eit mesh nettverk der aksesspunktet skal stå trådlaust. Dersom du har nettverksuttak der aksesspunktet skal stå fast så er det nok å kople det til med nettverkskabel til hovudeininga, me vil alltid anmoda om å nytta fast tilkopling via nettverkskabel der det er mogleg.

Følg stega under

Last ned Mpro Mesh-appen

“MPro Mesh” appen er tilgjengeleg både på  iOS og Andriod. 
  • Sjekk signalstyrke og dekning
  • Juster plassering på aksesspunktet for best mogleg dekning utan døde sonar.
  • Få fullstendig kontroll over nettverksinnstillingane dine med enkel brukarstyring.
  • Opprett gjestenettverk, endre SSID (nettverksnamn) og nettverkspassord.
  • Set opp foreldrekontroll

Les meir om korleis du set opp foreldrekontroll her

Spørsmål?

Eit aksesspunkt (AP) er ein eining (ruter) som ein koplar til nettverket ditt og utvidar dei trådlause WiFi-signala. Det fungerer som ei bru mellom den kablede nettverksforbindelsen (typisk frå modemet) og dei trådlause einingane dine, som mobilar, datamaskinar og andre trådlause apparat.

Aksesspunktet er spesielt nyttig i større bygg eller bustader der eitt enkelt WiFi-signal frå modemet ikkje gjev god nok dekning i alle rom. Med fleire aksesspunkt i eit mesh-nettverk blir det enklare å dekka heile området utan tap av signal.

Dersom du har modem i eit teknisk skap, og det ikkje har innebygd WiFi, har du truleg eit aksesspunkt som gjev trådlaus dekning i heimen i frå før. Dette aksesspunktet fungerer som hovudeininga for nettverket ditt, og for å setja opp eit mesh-nettverk med eit nytt aksesspunkt, koplar du det til det eksisterande aksesspunktet med ein nettverkskabel. Dette gjer du ved første oppkopling for å sikre korrekt installasjon.

Om du er usikker på om utstyret ditt er korrekt installert, så ta kontakt. Me hjelper deg gjerne med å finne ut kva som passar best for ditt oppsettet mot din bustad.

Kor mange aksesspunkt ein treng, avheng av storleiken på bustaden din, utforminga av romma og andre element som er med å forstyrra trådlause signal som t-d vannboren varme.

For større bustader eller bustader med fleire etasjar, vil du truleg trenga fleire aksesspunkt for å sikra god dekning i heile huset. Eit generelt utgangspunkt kan vera å starte med eitt aksesspunkt per etasje, og så leggje til fleire om du opplever dårleg dekning i enkelte område.

Står du fast?

Bestillingskjema

Her kan du bestilla breiband, TV-pakker og WiFi-løysing. Ta kontakt dersom du er usikker på kva du treng.