I dagens digitale samfunn er internett og mobiltelefonar ein naturleg del av kvardagen til barn og unge. Desse verktøya opnar for læring, sosial kontakt og underhaldning, men dei kan òg vera ein arena for mobbing, uønska deling av bileter og andre større utfordringar. Som forelder har du ei viktig rolle i å rettleie borna dine til ein trygg og positiv nettbruk. Det har aldri vore viktigare for foreldre å setje seg inn i kva og korleis born og unge nyttar deira digitale verktøy for å forstå, samt enklare å holda kontroll.
Digital mobbing er lika alvorleg som når det skjer i klasserommet eller i skulegarden. Det er ofte godt skjult for foreldre, men veldig synleg for jamnaldrande.
For å støtte bornet ditt kan du:
Oppmode til å vera ein god ven på nett og visa respekt for andre.
Læra barnet å sei ifrå dersom dei eller andre opplev mobbing.
Hjelpe barnet med å blokkera eller rapportera uønska åtferd på dei plattformene dei nyttar.
Deling av intime bileter kan få alvorlege konsekvensar
For å førebyggje dette:
Snakk med barnet ditt om kva som er greit å dela, og kva som bør haldast privat.
Forklar at dei alltid bør ha eit tydeleg “ja” før dei deler bilete av andre.
Gjer dei merksame på at det er ulovleg å dela nakenbileter av personar under 18 år.
Som forelder er det viktig å vere aktivt engasjert i born sitt digitale liv. I tillegg til å ha opne samtalar og å setje grenser, kan du utforska andre tiltak som kan bidra til ein tryggare digital kvardag. Set deg inn i personverninnstillingar på appar og plattformer og bruk foreldrekontrollverktøy for å tilpassa innhaldet etter barnet sin alder. Hald deg oppdatert på nye digitale trendar og utfordringar. Samarbeid med skule og andre foreldre er viktig for å skapa eit felles engasjement rundt trygg nettbruk. Ved å vere ein bevisst og tilgjengeleg støtteperson kan du bidra til at barnet utviklar sunne og ansvarlege digitale vanar.
Ver ein god rollemodell. Born læra meir av kva foreldre og vaksne rundt dei gjer, enn kva dei seier.
Set grenser for skjermtid, spesielt på kveldstid, dette er viktig for å sikra god søvn og kvile.
Oppmode til fysisk aktivitet og andre ikkje-digitale aktivitetar.
Sikre trygg nettbruk for borna dine med foreldrekontroll på våre modem
For å sikre ei tryggare internettoppleving for borna dine, kan du setje opp foreldrekontroll direkte på modemet ditt. Dette gjev deg full oversikt over kva nettsider og tenester borna dine kan bruke, og let deg beskytte dei mot upassande innhald. Du kan enkelt setje opp reglar for internettbruk, som å slå av nettet etter leggetid eller blokkere visse nettsider. Dette bidreg til å forme sunne og trygge nettvanar, samtidig som barna får nytte dei positive sidene av internett på ein sikker måte.